Fastlegeheimel ledig i Giske kommune 

Stilling
Fastlegeheimel i Giske kommune
Lokasjon
Valderøya
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
24. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek 960. Oppstart 1.5.2027.

Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett avdelingsleiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.

Våren 2027 flytter legesenteret inn i nyoppussa lokaler, same bygg som i dag.

Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av Giske kommune og legen inngår leigeavtale (8.2-avtale) med kommunen.

Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til fastlegeheimelen per i dag.

Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.

Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Deltaking i legevakt.

Kvalifikasjonar

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og samarbeid.
  • Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
  • Evne til å arbeide strukturert og målretta.
  • Kvinnelege legar bli oppfordra til å søke

 

Andre opplysningar:

  • Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
  • Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
  • Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden.

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø
  • God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar

Kontaktinformasjon

Karoline Roald Skjong, avdelingsleiar, +47 94971318
Gretha Giske, einingsleiar, 97028234
Anne-Line Sommerdalen, kommuneoverlege, 93462221

Arbeidsstad

Ytterland 1
6050 Ytterland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5200576983
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2026

Kontaktpersoner
Anne-Line Sommerdalen
kommuneoverlege
Gretha Giske
einingsleiar
Karoline Roald Skjong
avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter