Ønskjer du ein variert og innhaldsrik kvardag?

Stilling
Pedagogisk medarbeider
Lokasjon
Ølen
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. des.
Få påminnelse
19 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

I Ølensjøen har me ledig 100% vikariat for pedagogisk medarbeidar frå 04.01.27 t.o.m. 16.07.27. 

Vil du gjera ein forskjell i barn sitt liv? Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me treng deg som vil væra med barna på denne reisa. 

Her er din sjanse til å gi barn ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag i Ølensjøen. Du vil bli ein del av eit stort fellesskap kor me legg vekt på å lage gode dagar for barn og tilsette. I arbeidsmiljøet er delingskultur, involvering og arbeidsglede viktige element. Eit språkleg og kulturelt mangfald i barnegruppene gir barna eit unikt høve til å utvikle evne til å være respektfulle, vise omsorg og ha forståing for ulike perspektiv. Er du glad i å være ute og på tur? Det er me, og med FUS-bussen tilgjengeleg kan me komme oss på eventyr, både nært og fjernt. På kjøkkenet er me så heldige å ha vår eigen
kokk, som stadig inspirerer smak- og luktesansen vår med velsmakande retter.

Er du engasjert? Tek du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?

Er du reflektert og oppteken av å finne løysingar på utfordringar?

Ja? Då kan det være akkurat deg me ser etter!

Me tilbyr:
* Ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å forme små menneske for framtida
* God rettleiing og støtte frå kollegaer som vil deg vel og at du skal lukkast
* Ein barnehage med høg trivsel og rom for å prøve ut nye idear
* Gode løns- og pensjonsvilkår
* Eigne FUS-klede


Arbeidsoppgåver:
* Leggje til rette for at barna får utvikle seg gjennom leik, aktivitet og samspel
* Være nysgjerrig, kreativ og engasjert saman med barna i kvardagen
* Delta aktivt i barnehagen sine faste rutinar og aktivitetar
* Bidra til eit varmt og inkluderande miljø der barna opplever tryggleik, meistring og glede


Me ser etter deg som:
* Likar å arbeide tett med mennesker, er omsorgsfull og ansvarsfull i samarbeid med barn og kollegaer
* Likar å engasjere deg i leik - ha ekte begeistring for samvær med barn
* Er fleksibel og ser løysingar
* Har gode ferdigheter i norsk


Søkjar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring.
Tilsetjing føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova, denne må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.

Kontaktpersoner
Jenny Haugland Gundersen
Dagleg leiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter