Jobbkonsulentar
Vil du hjelpe fleire inn i arbeidslivet? Furene Utvikling AS har ledige vikariatstillingar som jobbkonsulent.
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som vil bruke yrkeserfaringa di til å hjelpe menneske med å finne, meistre og bli verande i arbeid.
Den eine stillinga skal levere arbeidsretta rehabilitering (ARR) Her er helsefagleg bakgrunn eit krav. I den andre stillinga legg vi stor vekt på relevant kompetanse frå andre fagområde også.
Arbeidsoppgaver
Hos oss får du jobbe tett med menneske som treng støtte til å kome i arbeid eller utdanning, eller til å finne gode løysinar på eigen arbeidsplass. Du blir kjend med kva den enkelte kan og ønskjer, og samarbeider med lokale arbeidsgjevarar om arbeidsoppgåver, opplæring og tilrettelegging.
Oppgåvene omfattar mellom anna å
-
samarbeide med arbeidsgjevarar om praksisplassar, arbeidsutprøving og formidling til jobb
-
gi karriererettleiing og følgje opp personar i å ta gode val for å skaffe seg eller behalde arbeid
-
samarbeide med Nav og andre samarbeidspartnarar
-
dokumentere arbeidet og rapportere i tråd med gjeldande krav
-
undervise i mindre grupper
-
samarbeide med lokalt næringsliv om kompetansebehov, opplæring og vegar til formell kompetanse
Kven ser vi etter?
Du er trygg i møte med ulike menneske og byggjer tillit over tid. Du lyttar, stiller tydelege forventningar og vågar å utfordre når det kan hjelpe nokon vidare. Når fleire treng oppfølging samtidig, klarer du å prioritere og halde oversikt over avtalar, fristar og mål.
Du uttrykkjer deg godt munnleg og skriftleg, kjenner næringslivet på Søre Sunnmøre og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Kvalifikasjonar
-
Bachelorgrad, fagbrev eller tilsvarande innan eit relevant fagområde, til dømes sosialfag, pedagogikk, HR, marknad eller sal
-
Helsefagleg utdanning for vikariatet innan ARR
-
Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje deg inn i nye verktøy og system
-
Førarkort klasse B og høve til å bruke eigen bil i arbeidet
Politiattest blir kravd ved tilsetjing.
Vi tilbyr
-
Varierte arbeidsoppgåver og rom til å finne gode løysingar saman med kollegaer og arbeidsgjevarar
-
Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og eit aktivt trivselslag
-
Opplæring i relevante verktøy og tilgang til fagfellesskapet i Kopano
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar