Vil du jobbe som mekanikar eller fagteknikar i eit moderne verkstad med gode kollegaer og sterke merkevarer?
Hos Frydenbø Bil Ørsta blir du ein del av eit fagmiljø med dyktige kollegaer, varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling. Vi er ein fullskala Volkswagen-forhandlar og autorisert verkstad for Audi og Škoda. Hos oss står samarbeid, fagleg stoltheit og trivsel sterkt. Vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der medarbeidarane våre trivst, utviklar seg og er stolte av jobben dei gjer.
Som mekanikar eller fagteknikar får du arbeide med moderne teknologi, spennande utfordringar og merkevarer som er kjende for høg kvalitet og innovasjon. Vi satsar på kompetanseutvikling og legg til rette for fagleg utvikling gjennom mellom anna Harald A. Møller kompetansesenter.
Hos oss er verdiane våre entusiastisk, ærleg og ansvarleg meir enn berre ord. Dei pregar måten vi samarbeider på, tek vare på kundane våre og møter kvardagen som lag.
Arbeidsoppgåver:-
Service og vedlikehald
-
Feilsøking og diagnose
-
Reparasjonar og mekanisk arbeid
-
PKK
-
Montering av ekstrautstyr
-
Har relevant fagbrev, fortrinnsvis som bilmekanikar
-
Har interesse for bil og tekniske løysingar
-
Er nøyaktig, effektiv og løysingsorientert
-
Trivst med samarbeid og varierte arbeidsoppgåver
-
Har fokus på kvalitet, god service og fornøgde kundar
-
Er positiv, engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
Moglegheit til å jobbe med moderne teknologi og sterke merkevarer
-
Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og hjelpsame kollegaer
-
Gode utviklingsmoglegheiter
-
Konkurransedyktige betingelsar og gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring
-
Støtte til trening og rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet
-
Tilgang til feriebustader på Geilo, Svolvær og Mallorca
Hos Frydenbø Bil Ørsta blir du ein del av eit solid og framtidsretta selskap med gode kollegaer og spennande moglegheiter for vidare utvikling.
Høyrest dette interessant ut?Vi vil gjerne høyre frå deg! Send inn søknaden din -- vi vurderer kandidatar fortløpande.
Har du spørsmål eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med servicemarknadssjef Jan Sindre Brautaset
-
Tlf.: 906 74 895
-
E-post: jan.brautaset@moller.no