Vil du jobbe med moderne bilteknologi, sterke merkevarer og gode kollegaer?

Stilling
Mekanikar eller fagteknikar
Lokasjon
Ørsta
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. nov.
Få påminnelse
9 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Hos Frydenbø Bil Ørsta blir du ein del av eit solid fagmiljø med dyktige kollegaer, varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling. Vi er ein fullskala Volkswagen-forhandlar og autorisert verkstad for Audi og Škoda. Hos oss står samarbeid, fagleg stoltheit og trivsel sterkt, og vi legg vekt på å skape ein arbeidsplass der folk trivst og utviklar seg.

Som mekanikar eller fagteknikar får du jobbe med moderne teknologi, spennande utfordringar og merkevarer som er kjende for høg kvalitet og innovasjon. Vi satsar på kompetanseutvikling og legg til rette for fagleg utvikling, mellom anna gjennom Harald A. Møller kompetansesenter.

Hos oss er verdiane våre entusiastisk, ærleg og ansvarleg meir enn berre ord. Dei pregar måten vi samarbeider på, tek vare på kundane våre og møter kvardagen som lag.

Arbeidsoppgåver:
  • Service og vedlikehald

  • Feilsøking og diagnose

  • Reparasjonar og mekanisk arbeid

  • PKK

  • Montering av ekstrautstyr

Vi ser etter deg som:
  • Har relevant fagbrev, fortrinnsvis som bilmekanikar

  • Har interesse for bil og tekniske løysingar

  • Arbeider nøyaktig, effektivt og løysingsorientert

  • Trivst med samarbeid og varierte arbeidsoppgåver

  • Er oppteken av kvalitet, god service og fornøgde kundar

  • Er positiv, engasjert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr:
  • Moglegheit til å jobbe med moderne teknologi og sterke merkevarer

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og hjelpsame kollegaer

  • Gode utviklingsmoglegheiter

  • Konkurransedyktige betingelsar og gode forsikringsordningar, inkludert helseforsikring

  • Støtte til trening og rabattar på bil- og båtkjøp gjennom eigarkonsernet

  • Tilgang til feriebustader på Geilo, Svolvær og Mallorca

Hos Frydenbø Bil Ørsta blir du ein del av eit solid og framtidsretta selskap med gode kollegaer og spennande moglegheiter for vidare utvikling.

Høyrest dette interessant ut?

Send inn søknaden din -- vi vurderer kandidatar fortløpande.

Er du nysgjerrig på stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt med servicemarknadssjef Jan Sindre Brautaset for ein uforpliktande prat.

Søknadsfrist: Snarast.
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter