Etablert
2024
Hovedkontor
Breim
FORTLOQ AS
FORTLOQer eit teknologiselskap med hovudkontor på Reed i Breim. Vi utviklar ein skybasert plattform for fysisk sikkerheit i næringsbygg og kritisk infrastruktur -- med mål om å gjere sikkerheit enklare, smartare og meir automatisert.
Vi trur ikkje framtidas løysingar handlar om fleire system. Dei handlar om å få eksisterande system til å spele betre saman. Difor utviklar vi teknologi som automatiserer manuelle prosessar, skaper betre oversikt og gir kundane større kontroll over den fysiske sikkerheita si.
Selskapet er bygd av eit engasjert gründerteam med høge ambisjonar og korte avgjerdsvegar. Hos oss blir gode idear lytta til, og vegen frå tanke til handling er kort. Vi trur på eigarskap, fagleg nysgjerrigheit og tett samarbeid-- og vi meiner dei beste løysingane blir skapte av flinke menneske som utfordrar kvarandre.
På kort tid har FORTLOQgått frå idé til eit produkt som allereie er i bruk hos kundar. I 2026 vart selskapet tildelt Drivkraftstipendet på 500.000 kroner -- ei anerkjenning av både teknologien, potensialet og arbeidet som blir lagt ned kvar dag.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.