Er du rå på rekneskap og likar å ha kontroll?
Bli vår nye rekneskapsansvarleg i Førde Sementvare!
Vår trufaste kollega som har vore tilsett hjå oss i 36 år, skal snart gå av med pensjon. Vi søkjer derfor ny rekneskapsansvarleg som vil få sjølvstendig ansvar for den operative rekneskapsleveransen i Førde Sementvare, samt bidra inn mot Stryn Betong, Opseth Invest og SF Industri.
Stillinga rapporterer til økonomileiar og har ei viktig rolle i å sikre god kvalitet, dagleg kontroll og effektive økonomirutinar på tvers av selskapa.
Dette får du hjå oss-
Ei sentral rolle i eit solid og framtidsretta konsern
-
Varierte arbeidsoppgåver på tvers av fleire selskap
-
Eit uformelt og godt arbeidsmiljø med korte beslutningsvegar
-
Moglegheit til å påverke og utvikle eigne ansvarsområde
-
Arbeidsstad i Loen eller Førde
-
Ansvar for lønn og rekneskap frå A til Å
-
Fakturering og betalingsoppfølging
-
Avstemming, MVA og offentleg rapportering
-
Månads- og årsavslutningar
-
Revisjonsførebuing og kontakt med revisor
-
Bidra til gode rutinar, internkontroll og kontinuerleg forbetring
-
Har minimum 5 års erfaring frå rekneskap, økonomi eller revisjon
-
Autorisert rekneskapsførar er ein fordel
-
Er strukturert, nøyaktig og sjølvstendig
-
Tek ansvar og leverer med høg kvalitet
-
Trivst med samarbeid og høgt tempo
Vi treng først og fremst ein som er rå på rekneskap, og likar å ha kontroll på tala. Samtidig er vi opptekne av å spele på den kompetansen og dei interessene du har, og det vil vere mogleg å forme delar av rolla.
Kjenner du deg att? Då håpar vi å høyre frå deg!