Lege i spesialisering (LIS3)
Det er ledig fast stilling for LIS3 ved Allmennpoliklinikken på Folgefonn DPS.
Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar.
FDPS har døgn på Valen, Allmenn pol på Valen og i Odda, Fact team og TSB/ LAR
Hos oss legg vi til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket.
Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda:
- Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar
- Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar
- Allmennpsykiatrisk poliklinikk
Valen sjukehus, som ligg 20 meter unna, har videre 2 år med godkjenning på desse områdene:
- Akutt psykiatrisk post
- Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg
Det siste året kan gjennomførast i BUP, ein tettstad 6 km unna.
Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning for allmennlegar spesialisering (ALIS). Ein legg og til rette for ALIS teneste i på Valen og poliklinikk Odda.
ALIS teneste Odda er utan vakt.
Høyrest dette ut som noko for deg? Ta kontakt om du lurer på noko – vi vil veldig gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Gjennomføre spesialistutdanning i tråd med gjeldande utdanningsplan
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga
- Tverrfagleg samarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Godkjent medisinsk embetseksamen.
- Norsk autorisasjon som lege.
- Gjennomført LIS1 teneste
- Grunnleggande IKT-kompetanse
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- set pasienten i fokus og møter folk med respekt og tryggleik
- arbeider sjølvstendig og strukturert
- kommuniserer godt, både med pasientar, pårørande og kollegaer
- trivst med å jobbe i team og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Kvifor skal du velje oss?
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og fagleg engasjerte kollegaer
- Tett samarbeid med erfarne fagpersoner
- Fagleg og personleg utvikling
- Muligheter til å kombinere fagkarriere med ein aktiv livsstil i fjell og natur
- Fagleg vegleiing individuelt og i grupper
- Hjelp til å skaffa bustad
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift)
Kontaktinformasjon
Rolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, 41470958, rolf.christian.mehl@helse-fonna.noErlend Hellingsrud, Funksjonsledereder Allmennpoliklinikk, 47260535, erlend.hellingsrud@helse-fonna.no
Maren Elise Skogseth, Avdelingsleder FDPS, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 135451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5206796886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2026