Funksjonsleiar merkantil
Stilling
Funksjonsleiar merkantil
Lokasjon
Valen
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Vil du leie og utvikle merkantile tenester som betyr mykje for både pasientar og medarbeidarar?
Klinikk for psykisk helsevern og rus gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i Helse Fonna-området. Ved Folgefonn DPS tilbyr vi tenester innan psykisk helsevern og rusbehandling til innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang kommunar, eit opptaksområde på om lag 19 000 innbyggjarar.
Verksemda vår omfattar døgnavdeling, allmennpoliklinikk på Valen og i Odda, FACT-team og TSB/LAR-tenester. Kvar dag arbeider vi for å gi heilskaplege og gode tenester til menneske som treng oss.No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert funksjonsleiar for merkantile tenester. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som ønskjer å bidra til gode arbeidsprosessar, styrkje samarbeid på tvers av fagmiljø og vidareutvikle viktige administrative tenester som understøttar pasientbehandlinga.
Som funksjonsleiar får du ei sentral rolle i den daglege drifta og i vidareutviklinga av dei merkantile tenestene ved DPS-et. Du vil ha ansvar for å leggje til rette for gode rammer for medarbeidarane, samstundes som du sikrar effektive og framtidsretta administrative løysingar.
Vi ser etter deg som trivst i ei leiarrolle, byggjer gode relasjonar og motiverer andre. Du er opptatt av kvalitet, utvikling og samarbeid, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar. Som funksjonsleiar rapporterer du til avdelingsleiar og blir ein viktig del av avdelinga si leiargruppe. Her får du høve til å påverke, utvikle og bidra til ei viktig samfunnsoppgåve.
🤝 Vil du vere med og forme framtida for dei merkantile tenestene ved Folgefonn DPS? Då håpar vi å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Leie, organisere og vidareutvikle dei merkantile tenestene ved avdelinga
- Ha personalansvar og leggje til rette for kompetanseutvikling, godt arbeidsmiljø og effektiv ressursutnytting
- Sikre kvalitet i dei kontorfaglege tenestene og at gjeldande retningslinjer, prosedyrar og arbeidsprosessar blir følgde
- Bidra til utvikling og effektiv bruk av digitale løysingar, samt delta i forbetrings- og utviklingsarbeid
- Samarbeide tett med leiarar og fagmiljø ved Folgefonn DPS
- Utføre rapportering, kontrolloppgåver og andre administrative oppgåver på vegner av avdelingsleiar
- Ha ansvar for administrative system og arbeidsprosessar, mellom anna GAT, Elements, SAP/LiBRA, innkjøp, fakturabehandling og ressursstyring
- Handle i samsvar med gjeldande fullmakter og styrande dokument
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Relevant erfaring innan administrasjon, leiing, helsefag eller tilsvarande
- Lang relevant erfaring med administrasjon og koordinering kan likestillast med utdanning frå høgskule/universitet
- Gode digitale ferdigheiter
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring frå merkantile tenester i spesialisthelsetenesta
- Erfaring med kvalitets- og forbetringsarbeid
- Kjennskap og gjerne erfaring med dei aktuelle systema (GAT, Elements, Dips Arena, Sap/Libra)
- Erfaring med arbeid som krev høg grad av sjølvstende og evne til å prioritere
Kva ser vi etter hos deg?
- Skaper gode samarbeidsrelasjonar på tvers av faggrupper
- Arbeider systematisk og har evne til å prioritere
- Tek initiativ og følgjer opp avgjerder
- Involverer medarbeidarane i utvikling og endringsarbeid
- Kommuniserer godt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i team
- Du må væra løysingsorientert og fleksibel
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor skal du velje oss?
- Ei variert leiarstilling med høve til å påverke og utvikle dei merkantile tenestene
- Samarbeid med ulike fagmiljø innan psykisk helsevern og rusbehandling
- Høve til å bidra i utviklings- og forbetringsarbeid
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit aktivt og trivelig arbeidsmiljø med fokus på fag og kvalitet
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Åse Digranes, Funksjonsleiar, 92647887, aase.digranes@helse-fonna.noMaren Elise Skogseth, Avdelingsleder, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 135451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5210090207
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.12.2026
Kontaktpersoner
Maren Elise Skogseth
Avdelingsleder
Åse Digranes
Funksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.