Etablert
2002
Hovedkontor
Valldal
FJORDHAGEN AS
Fjordhagen AS er eit utviklingsselskap som hjelper med oppstart og vidareutvikling av bedrifter. Vi tek også på oss nærings- og samfunnsutviklingsprosjekt. Vi er hoppid.no-kontor for Fjord kommune, og node under Nordveggen AS i SIVA sitt næringshageprogram. Fjordhagen AS driftar også Fjord næringsforum, eit samarbeidsforum for nettverksbygging og utviklingsoppgåver. Vi har kontor i næringshagen i Valldal.
Fjordhagen AS søker ein dyktig prosjektkoordinator til planlegging av Nasjonaljubileum i 2029. Dette er eit unikt høve til å spele ei sentral rolle i feiringa av 1000-års markeringa for Norge. Med utgangspunkt i historia er tema i jubileumsstafetten 2029 <<Olav i folketradisjon>>. Det opnar for mange spørsmål med relevans for fortid, notid og framtid.
Fjordhagen AS har fått prosjektoppdraget på vegne av Fjord kommune, og stillinga er førebels eit 40% prosjekt-engasjement med høve til forlenging og utviding av stillingsprosent fram til 2029.
Ingen har gjort krav på denne bedriften enda.