Skipsførar i 2:2 turnus, dagskift
Fjord1 har no ledig stilling som skipsførar i sambandet Arsvågen-Mortavika om bord på MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekt av Fjord1.
Arbeid om bord gir verdifull erfaring og ettertrakta kompetanse innan drift av gassfartøy. Som skipsførar får du ei nøkkelrolle i å sikre stabil og effektiv drift. I denne stillinga får du arbeide løysningsorientert og operativt. Arbeidsdagane kan vere travle, med skiftande vêr, mykje trafikk og høgt tempo. Stillinga passar for deg som er trygg i rolla som skipsførar og trivst med ansvar.
Oppstart snarast mogleg er ønskeleg. Aktuelle kandidatr blir kontaktet fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Som skipsførar vil du ha det overordna ansvaret for trygg og effektiv drift av fartøyet. Dette omfattar sikkerheitsstyring, energileiing, den tekniske og operative tryggleiken om bord. I tillegg til ansvar for både personleg og miljømessig tryggleik. Du skal sikre at alle operasjonar blir gjennomførte i tråd med gjeldande regelverk, prosedyrar og krav frå styresmakter. Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Som leiar om bord er du ansvarleg oppfølging av rutinar og kvalitetssystem. I tillegg skal du utføre dei oppgåvene som går fram av stillingsinstruksen og sørgje for at alle avgjerder blir tekne med tryggleik og driftseffektivitet i fokus.
Kvalifikasjonar
- D1-sertifikat.
- ROC/GMDSS-sertifikat.
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling.
- Sikkerheitskurs etter kvalifikasjonsføreskrifta.
- Ferdigheitssertifikat, videregåande IGF.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseattest.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Personlege eigenskapar
- Vi søker en ansvarsbevisst og løsningsorientert skipsfører med god dømmekraft. Du er en trygg leder, trives med samarbeid, og tar selvstendige beslutninger som sikrer både mannskap og passasjerer.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter avtale mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund.
- Skiftordning, 2 veker på og 2 veker av.
- Reise til og frå arbeidsperiodane blir dekket.
- Moglegheit for å bu om bord i arbeidsperioden.
- Treningsrom om bord i fartøyet.
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim DriftReferansenr.: 5209926887
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2026