Salgsmedarbeidar i catering
Fjord1 har no ledig ei stilling som salgsmedarbeidar i catering i sambandet Arsvågen-Mortavika.
Som salgsmedarbeidar i catering vil du vere ein viktig del av passasjeropplevinga om bord og bidra til at dei reisande får god service, og ei triveleg oppleving gjennom heile reisa.
Arbeidsoppgåvene omfattar produksjon og sal av sveler, pølser, påsmurt mat og andre kioskvarer, aktiv kundebehandling, varebestilling og vareplassering, samt å halde kioskområdet innbydande og ryddig. Du vil også ha ansvar for tilberedning av måltid til mannskapet om bord. Gjennom arbeidsdagen møter du mange ulike reisande, og vi ser derfor etter deg som er positiv, sjølvstendig og løysingsorientert, og som likar å skape gode kundeopplevingar.
Stillinga går i ein turnus med 2 veker på og 2 veker fri. For tilsette i catering som har behov for det, kan Fjord1 tilby hybel i nærleiken av kaien.
Oppstart er så snart som mogleg. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta.
Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling
- Mannskapsmesse - ansvar for tillaging og servering av mat, samt reinhald
- Produksjon og sal av mat i kiosk
- Reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
- Varebestilling/varemottak
- Andre relevante oppgåver iht. stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Gyldig helseattest
- Kurs i passasjer- og krisehåndtering
- Beherske norsk godt muntleg og skriftleg
- Det er ein fordel om du beherskar engelsk muntleg
- Evne til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og takle hektiske arbeidsdager
- Førerkort klasse B og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar
- Hos oss vil du møte ein variert arbeidskvardag med mykje kontakt med både passasjerar og kollegaer. Vi trur du vil trivast godt dersom du likar å yte god service, skape gode opplevingar for andre og samarbeide med menneske rundt deg. Arbeidsdagane kan til tider vere hektiske og by på endringar, så det er ein fordel om du likar variasjon og er komfortabel med å omstille deg når det trengst. Vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar for arbeidsoppgåvene sine, arbeider på ein strukturert måte og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overeinskomst
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Turnus: 2 veke på - 2 veke av
- Tilgang på hybel i arbeidsperiode
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim DriftReferansenr.: 5209917256
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2026