Vil du bli vår nye matros?
Vil du vere med og forme framtida til sjøfarten?
Fjord1 har no ei ledig og variert stilling som matros på reservefartøyet MF Lifjord i sambandet Lavik–Oppedal. Stillinga har base i Lavik, om lag to timar nord for Bergen.
Som matros hos oss blir du ein del av eit sterkt maritimt fagmiljø og får ein variert arbeidskvardag på fjorden. Her får du høve til å utvikle deg fagleg, samtidig som du blir ein del av eit samband der ny teknologi og tradisjonelt sjømannskap møtest.
Fjord1 tilbyr attraktive velferdsgodar, konkurransedyktige lønnsvilkår og god pensjonsordning.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdighetssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerhetsopplæring
- Krise- og passasjerhandtering
- MES opplæring
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi leter etter en pålitelig og engasjert matros som trives med variert arbeid om bord. Du må være serviceinnstilt, ha gode samarbeidsevner og bidra til en trygg og effektiv drift. Hvis du er praktisk anlagt, fleksibel og har stå-på-vilje, vil vi gjerne ha deg med på laget!
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
- Turnus: 2 veker på, 2 veker av, 84 timar pr. veke
- Mannskap bur ombord i skiftperiode
- Reise til og frå arbeidsstad verd dekka over 15 km.
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Bemanningskoordinator, +47 47330488Arbeidsstad
3262 Lavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim DriftReferansenr.: 5216576855
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2026