Maskinsjef Askvoll-Værlandet

Stilling
Maskinsjef MF Nordfjord, Askvoll-Værlandet
Lokasjon
Askvoll
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. okt.
Få påminnelse
15 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søker maskinsjef til vikariat til MF Nordfjord som trafikkerer sambandet Askvoll-Værlandet. 

Skiftordning er  mandag-onsdag, fredag-mandag og onsdag-fredag, deretter 9 dagar fri. Du arbeider dag/kveld. 

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet. 

Vikariatet går  frå 15.10.26-31.1.27. Vi er også interessent i å komme i kontakt med maskinsjefar som kan ta vakter ved behov. 

Det er ein fordel at søkar bur lokalt.

Vi vurderer kandidatar fortløpande.


Arbeidsoppgåver

Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

Kvalifikasjonar

  • Kompetansesertifikat minimum M3
  • FSE e-læringskurs
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

 Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Samarbeidsevne og eit sterkt fokus på sikkerheit er avgjerande hos oss.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Det Norske Maskinistforbund
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.

Kontaktinformasjon

Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, +4795700962, siv.furnes@fjord1.no

Arbeidsstad


6980 Askvoll

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5190496054
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 20.10.2026

Kontaktpersoner
Siv Mette Furnes
Bemanningskoordinator
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter