Maskinsjef Hatvik-Venjaneset

Stilling
Maskinsjef i sambandet Hatvik-Venjaneset, p.t. MF Årdal
Lokasjon
Os
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
13. okt.
Få påminnelse
18 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef om bord på MF Årdal i pt. sambandet Hatvik-Venjaneset.

Skiftordninga er 1 døgn på og 1 døgn av i tre veker, etterfulgt av tre veker fri. Dette gir ein fleksibel kvardag med berre 86 arbeidsdøgn i året. Ein bør bu innanfor rimeleg reiseveg til Hatvik eller Venjaneset, då rederiet ikkje har bufasiliteter på fridøgn. Sambandet er ca 35 minutter unna Bergen.

Som maskinsjef vil du ha ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskineri og energisystem, og vil vere ein nøkkelperson i å oppretthalde høg driftssikkerheit på sambandet.

MF Årdal blei bygd i 2008, og i 2020 blei ho oppgradert og bygd om til hybrid, der batteri er den primære energikjelda for framdrift. Dette er eit viktig steg i vårt arbeid for å redusere utslepp og bidra til ei meir berekraftig framtid. 

 Vi ansetter fortløpende.


    Arbeidsoppgåver

    Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.

    Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.

    Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.

    Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

    Kvalifikasjonar

    • Minimum M3-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Gyldig helseerklæring
    • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

    Personlege eigenskapar

    • Vi søker ein ansvarsbevisst og teknisk dyktig maskinsjef med fokus på sikkerheit og effektiv drift. Du er løysningsorientert, strukturert og trivst med å leie og samarbeide i team. Eit sikkert arbeidsmiljø, er noko av det viktigste du veit. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.

    Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
    • Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
    • Et godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
    • Treningsrom om bord.
    • Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter og gode rabattordnigar.
    • Skiftordning: Døgnskift, 3 veke på, 3 veke av.

    Kontaktinformasjon

    Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

    Arbeidssted

    Hatvikvegen 5200
    5211 Os

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

    Referansenr.: 5186124767
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 13.10.2026

    Kontaktpersoner
    Benedicte Ellingsen
    Rekrutteringsmedarbeider
    Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
    Lag en profil og få personlige jobbforslag.
    Relaterte bedrifter