Ambulerende skipsfører
I denne rolla vil du vere utsjekka på både rutegåande og- reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. Når du ikkje er på rutegåande fartøy bidrar du til forefallande arbeid på reservefartøya Sognefjord, Gulen og Bjørnsund. Du får dermed ein unik moglegheit til å byggje brei kompetanse på ei rekke ulike fartøy og samband. Dersom du har interesse for manøvrering og navigasjon anbefalar vi deg å søke.
Sjølv om du vert tilsett og mønstra som skipsførar, vil du også tjenestegjere som dekkssjef ved behov. Sjølv om du tjenestegjer som dekkssjef vert du lønna som skipsførar. Du arbeider dag, natt eller døgn alt etter kva rute du tjenestegjer i.
Skiftordninga er 14 dagar på, 14 av. Det er 71 timer per veke i skiftplanen, og det du arbeider over 71t vert overtid.
Fjord tilbyr attraktive velferdsordningar, konkurransedyktige vilkår og pensjonsordningar. Det er også egne avtalar for dekking av reise for ambulerande tilsette.
Det er ein fordel om søkar bur i Nordfjord, men ikkje eit krav. Det er mogleg å bu om bord i vaktperiode.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid etter tilhøyrande stillingsinstruks for stillinga du tjenestegjer i (skipsførar eller dekkssjef). Særskilt fokus på:
- Sikkerheitstyring
- Energileiing
- Operativ sikkerheit
- Personsikkerheit og HMS
- Leiing
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat.
- GMDSS/ROC-sertifikat.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseerklæring.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforskrifta.
Personlege eigenskapar
- Vi leitar etter ein dyktig skipsførar med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og NSOF. Fjord1 har også ei eiga fastlønnsavtale i tillegg til tarifffesta grunnhyre.
- Tilsetting i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 71t avtale, 2 veker på og 2 veker.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.noNøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim DriftReferansenr.: 5194064773
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2026