Rektor

Stilling
Rektor
Lokasjon
Eidsdal
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
19. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Eidsdal skule er ein 1.–10.-skule idyllisk plassert i bygda Eidsdal i Fjord kommune, omgitt av spektakulær natur og verdsarvområde. Skulen har om lag 50 elevar og eit engasjert personale som arbeider saman for å skape eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for alle elevar. Skulane i Fjord kommune deltek i eit toåring  læringsmiljøprosjekt, og har tett tverrfagleg samarbeid med barnehage, PPT og helsestasjon. 

Som ein mindre skule har vi nærleik til elevane og gode moglegheiter for å sjå den enkelte. Vi legg vekt på læring, trivsel og fellesskap, og har eit tett samarbeid med føresette, lokalsamfunn og andre tenester rundt barn og unge. Gjennom målretta utviklingsarbeid arbeider vi for å gje elevane eit best mogleg grunnlag for vidare utdanning og livsmeistring. 

Eidsdal skule er kjent for sitt innovative utviklingsarbeid gjennom satsinga Verdsarvskulen, der berekraft, kulturarv, natur og lokalsamfunn er integrert i læringsarbeidet. Skulen har gjennom mange år utvikla ein sterk kultur for prosjektbasert læring, samarbeid med lokalsamfunnet og aktiv bruk av nærområdet som læringsarena. Skulen har eit aktivt samarbeid med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv og samarbeidsskulen i Gustavus, Alaska (USA). Vidare er skulen medlem i UNESCO sitt ASPnet (Associated Schools Project Network) og i FN-sambandet sitt skulenettverk som godkjend FN-skule.

Som rektor får du høve til å vidareutvikle ein skule med ambisjonar for både læring, trivsel og berekraftig samfunnsutvikling.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle Eidsdal skule sitt lærings- og utviklingsarbeid i tråd med kommunen sine satsingar
  • Utøve personalleiing og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Sikre god forvalting og kontinuerleg kvalitetsutvikling i tråd med gjeldande lov- og regelverk
  • Ha ansvar for økonomistyring, budsjettoppfølging og resultatkontroll
  • Fremje og sikre godt samarbeid med elevar, føresette, tilsette og relevante samarbeidspartar
  • Delta i og leie tverrfagleg samarbeid for å styrkje barn og unge sine oppvekstvilkår

Kvalifikasjonar

  • Godkjend pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet
  • Formell skuleleiarutdanning (rektorutdanning), eller vilje til å ta denne
  • Erfaring frå skuleleiing, eller anna relevant leiarerfaring. Gjerne undervisningserfaring frå skule i tillegg
  • Kunnskap om økonomistyring og bruk av IKT og teknologi
  • Oppdatert kompetanse om forsking innan skuleutvikling og evne til å omsetje denne kunnskapen til praksis gjennom profesjonsfagleg samarbeid
  • God kompetanse innan personalleiing og arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein leiar som:

  • Skapar tillit, motiverer og bygg gode relasjonar
  • Kommuniserer tydeleg, inkluderande og inspirerande for å engasjere medarbeidarar
  • Er målretta, utviklingsorientert og handlekraftig
  • Har erfaring med utviklingsarbeid
  • Set elevane si læring, trivsel og utvikling i sentrum
  • Samarbeider godt med leiarteam, tilsette, elevar, føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Har god digital kompetanse og bruker teknologi for å fremje læring
  • Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
  •  Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med kommunale vilkår
  • Pensjon i SPK
  • Ordning for sletting av studielån gjennom lånekassa (inntil kr. 25.000)
  • Låg foreldrebetaling i barnehage (kr. 700 pr. mnd.)

Kontaktinformasjon

Mariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, +47 41867830

Arbeidsstad

Langereiten 23
6215 Eidsdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 5189479705
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2026

Kontaktpersoner
Mariann Ringdal Birkhol
Kommunalsjef Oppvekst og kultur
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter