Pedagogisk leiar i Stordal barnehage
Fjord kommune har ledig eit 100 prosent fast stilling som pedagogisk leiar i Stordal barnehage frå 1. januar 2027.
Stordal barnehage ligg sentralt til i bygda Stordal med tilgang til eige uteområde og natur i nærområdet. Barnehagen har pr. i dag 9 tilsette (assistent, barne- og ungdomsarbeidarar, ped.leiarar og styrar) + lærling fordelt på 28 barn. Alle barn i Stordal barnehage skal oppleve tryggleik og inkludering i barnehagen. Barna skal verte lytta til og takast på alvor. Barnehagen har 3 avdelingar - Rådyrskogen for barn i alderen 3 - 6 år, Eplehagen for barn i alderen 0 - 2 år, og Blåklokka for barn i alderen 2-3 år. Stordal barnehage er heilt ny og vart opna hausten 2019.
Barnehagen skal gi barn under opplæringspliktig alder gode høve til utvikling og aktivitet i nær forståing og samarbeid med heimen til barna. Barnehagen skal hjelpe til med å gi barna ei god oppseding i samsvar med kristne grunnverdiar.Barna skal føle seg sett, høyrt og likeverdige.
- Barna skal oppleve barnehagen trygg og inkluderende.
- Barna skal oppleve vennskap og samhald.
- Barna skal lære seg å ha respekt for kvarandre, og verdsette dei likheiter og ulikheiter som finst i barnehagen
Søkjarar vert kalla inn til intervju
NB: Ved intern tilsetting er vi interessert i søkjarar som barne- og ungdomsarbeidar/assistent.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiar ha ansvar for å iverksette og leie det pedagogiske arbeidet, i tråd med godt fagleg skjønn.
- Veileding og sørgje for at barnehageloven og rammeplan oppfyllast
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa.
- Skape ein barnehagekvardag med rom for fordjuping i temaarbeid
- Medansvar i arbeidet med HMS
- Ta imot og gi pedagogisk veileding
- Tilretteleggje for samarbeid med føresatte og gjennomføring av samtale og møter.
- Ansvar for IUP-arbeid til barn på avdelinga som har vedtak
Kvalifikasjonar
- Barnehagelærar eller anna 3-årig pedagogisk høgskoleutdanning med årsstudium i barnehagepedagogikk.
- God datakunnskap og har erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
- Må kunne norsk godt munnleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
- Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre.
- Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
- Du har positiv innstilling og godt humør
- Du har god digital kompetanse
- Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Barnehagelærar får lønn lik 10 års ansiennitet eller meir
- Pedagogisk tilllegg er per dd. 25 000 NOK.
- Lønn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot
Kontaktinformasjon
Diana Helland, Styrar Stordal Bhg., +47 95878594Arbeidsstad
Vinjehjellane 96250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord kommuneReferansenr.: 5209000312
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2026