Heimehjelp 40 % stilling – Stordal omsorgstenester
Vil du bidra til at eldre og andre med hjelpebehov kan bu trygt og godt heime?
Frå 01.01.2027 blir Liabygda ein del av Stordal omsorgstenester. Som følgje av dette styrker vi heimebaserte tenester og søker no etter ein engasjert og omsorgsfull heimehjelp i 40 % fast stilling.
Stordal omsorgstenester tilbyr tenester til innbyggjarar i Stordal, Dyrkorn og Liabygda, med fokus på meistring, tryggleik og livskvalitet i eigen heim.
Som heimehjelp vil du vere ein viktig del av det samla tenestetilbodet i heimebasert omsorg. Gjennom praktisk bistand bidreg du til at tenestemottakarane kan oppretthalde ein trygg, rein og funksjonell heim, og slik meistre kvardagen lengst mogleg på eiga hand.
Arbeidet inneber stor grad av sjølvstende, samtidig som du samarbeider tett med kollegaer i heimetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand i heimen etter vedtak
- Reinhald av bustad
- Klesvask og enkel rydding
- Andre praktiske oppgåver knytt til dagleglivet
- Bidra til observasjon av brukarar og melde frå om endringar i behov eller funksjonsnivå
- Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre tenester ved behov
- Dokumentasjon i kommunen sine fagsystem etter gjeldande rutinar
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reinhald, omsorgsarbeid eller liknande er ønskeleg
- Førarkort klasse B
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Grunnleggande digitale ferdigheiter
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding i samsvar med gjeldande regelverk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er omsorgsfull og serviceinnstilt
- Har respekt for brukarane sin integritet og sjølvbestemming
- Er strukturert og sjølvstendig
- Har gode samarbeidsevner
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling der du utgjer ein forskjell i kvardagen til andre
- Trivelege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsdagar med stor grad av sjølvstende
- Opplæring og fagleg rettleiing
- Moglegheit til å vere med på utviklinga av framtidas heimetenester
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Moglegheit for å kunne kombinere stillinga med anna arbeid i turnus
Kontaktinformasjon
Grete Kvammen Tøsse, Leiar Stordal omsorgstenester, +47 41867960Renate Johnsen, Teamleiar Stordal omsorgstenester, 41867961
Arbeidsstad
Simamarka 466250 Stordal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 5213611799
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026