Barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage
Fjord kommune har ledig vikariat (november 2026 - juli 2027) som barne- og ungdomsarbeidar i Syltebøen barnehage
Syltebøen barnehage har to avdelingar for barn i aldersgruppa 1 til 3 år og to avdelingar for aldersgruppa 3 -6 år. Vi har eit godt arbeidsmiljø, ei godt utdanna personalgruppe og god fagleg utvikling.
Barnehagen ligg sentralt til i Valldal med tilgang til eige uteområde og fine naturleikeplassar i nærområdet. Idrettshall og bibliotek ,som blir aktivt brukt, ligg like ved barnehagen.
Samarbeid med open omsorg i nabobygget, gjer at vi blant anna har tilgang på drivhus og høner på tunet.
Vi er opptekne av at barn, ved hjelp av gode vaksne, skal oppleve vennskap, samhald og respekt i eit trygt, godt og lærande barnehagemiljø.
Søkjarar vert kalla inn til intervju
Arbeidsoppgåver
- Vere pedagogisk medarbeidar i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Vere aktiv i barnehagen sine utviklingsarbeid
- Vere ein trygg vaksen for barn og føresette
- Medansvar i arbeidet med HMS
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar (primært)
- Ufaglærte har og høve til å søkje på stillinga
- Må kunne norsk godt munnleg og skriftleg - kommunen har nynorsk som målform.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
- Erfaring med ASK er ønskeleg
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig, løysingsorientert og flink til å samarbeide
- Du har erfaring frå fagområdet, arbeide målretta og engasjere andre.
- Du er kreativ og visar initiativ til forbetring/utvikling for deg, kollega og barnehagen totalt.
- Du har positiv innstilling og godt humør
- Du har god digital kompetanse
- Du er ein god rollemodell og flink til å rettleie
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
- Lønn i samsvar med avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% medlemsinnskot og ca.15% arbeidsgjevarinnskot
Kontaktinformasjon
Torill Brastad, Styrar Syltebøen barnehage, 41867881Arbeidsstad
Olavsgata 206210 Valldal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommuneReferansenr.: 5206691147
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.11.2026