Vil du vere med og skape ein god skule- og SFO-kvardag for elevane våre?

Stilling
Dingemoen skule og SFO har ledig ei 100 % fast stilling for fagarbeidar
Lokasjon
Dale I Sunnfjord
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi ser etter deg som er ein trygg, varm og engasjert vaksen som trivst saman med barn, og som ynskjer å bidra til læring, meistring og gode opplevingar – både i skuletida og på SFO.

Hos oss blir du ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der relasjonar, samarbeid og elevane si utvikling står i sentrum. 

Arbeidsstad skuleåret 2026/2027 er  Dingemoen skule og SFO.

 

Arbeidsoppgåver 

  • byggje gode relasjonar til elevane gjennom heile skule- og SFO-dagen
  • bidra til læringsstøttande og trivselsskapande aktivitetar
  • leie barnegrupper i SFO gjennom aktiv deltaking i leik og læring
  • samarbeide tett med lærarar, SFO-tilsette og andre fagpersonar
  • vere ein aktiv og oppsøkande vaksen som ser både det enkelte barnet og fellesskapet
  • ved behov gi heilskapleg oppfølging til enkeltelevar gjennom skule- og SFO-dagen

Arbeidskvardagen er variert, og vi ser etter ein medarbeidar som tek initiativ, samarbeider godt og ser kvar det er behov for nærvær og støtte.

Vi tilbyr

  • ein meiningsfull og variert arbeidskvardag
  • eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer
  • moglegheit til å bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kvalifikasjonar

  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
  • søkarar utan fagbrev, men med relevant erfaring, kan og verte vurdert
  • erfaring med eller kompetanse innan arbeid med barn med særskilde behov er ein fordel
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • gyldig politiattest må leggast fram før tilsetjing

Personlege eigenskapar 

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar. Vi ynskjer ein medarbeidar som:

  • er trygg i møte med barn som kan utfordre og har høgt aktivitetsnivå

  • har gode samarbeidsevner i ein aktiv og hektisk kvardag
  • byggjer gode relasjonar og motiverer barn til læring og meistring
  • er sjølvstendig og løysingsorientert
  • tek ansvar og kan ta leiing når situasjonen krev det
  • viser omsorg og bidreg til at alle barn kjenner seg inkluderte
  • er påliteleg og ansvarsmedviten

Velkomen som søkjar til Fjaler kommune! Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Irene Langeland
Leiar SFO Dingemoen
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter