ID 1073 Rådgjevar/fagansvarleg IKT og digitalisering
Rådgjevar/fagansvarleg IKT og digitalisering
Fitjar kommune søkjer ein tydeleg, utviklingsorientert og samlande rådgjevar for IKT og digitalisering. Stillinga er plassert i kommunen sin sentraladministrasjon og du vil vå ei nøkkelrolle for å sikra ei framtidsretta digital utvikling i heile kommunen på tvers av kommunen sine ulike fagområde
Fitjar kommune arbeider med ei endring av si IKT organisering. Endringa består i at kommunen går inn som eigar i IKT Nordhordland. IKTN vil då stå føre mykje av dagleg drift og brukarstøtte. Samarbeidet i IKTN bygger på ein føresetnad av at kommunane er aktive eigarkommunar og at kvar kommune har ein organisasjon som mellom anna skal støtte opp under arbeid om digital tryggleik. Digitalisering og innovasjon (DI) er ei felles overbygging for koordinera innkjøpsprosessen saman med eigarkommunane. Rådgjevar/fagansvarleg for IKT og digitalisering vil vera sentral i å sikra at Fitjar kommune sine interesser vert ivareteke og at Fitjar kommune kan ta posisjon som ein aktiv bidragsytar på Fitjar kommune sine vegner. Rolla som rådgjevar/fagansvarleg innan IKT og digitalisering vil også ha ansvar for å samordna kommunen sin innsats i forhold til digitalisering og IKT. Eit sentralt tema er også å sikra at digitalisering og bruk av IKT skjer på ein måte som sikrar personvern og god generell inforasjonssikkerheit. Rolla som rådgjevar/fagansvarleg IKT vil arbeide med utvikling av gode system for internkontroll og også opp mot kommunen sin beredskapsorganisasjon.
Kommunen står i dag føre store endringar først gjennom innføring av nytt ERP system og seinhausten 2027 også nytt EPJ system. Stillinga her vil ha ei rolle for å bidra til fagavdelingane sitt arbeid for gevinstrealisering og må også verka til å sikra at gevinstrealisering skjer innanfor trygge rammer.
Rolla kombinerer strategisk utviklingsarbeid med operativ drift, samarbeid og samhandling med IKTN og med alle deler av kommunen.
Arbeidsoppgåver
-
Oppfølging av kommunen sitt samarbeid med IKTN og DI
-
Sikre stabil drift av system, nettverk og infrastruktur som ligg til kommunen sitt ansvar, mellom anna digital tilgangskontroll til kommunale bygg.
-
Overordna ansvar for informasjonssikkerheit og personvern, dette skjer i samarbeid med kommunen si strategiske leiing, personvernombod og IKTN sin organisasjon for IKT sikkerheit. Under dette ligg å sikra at det ligg føre eit fungerande og operativ internkontrollsystem.
-
Planlegging og gjennomføring av digitaliserings- og utviklingsprosjekt. Under dette rettleiing til leiarar
-
Rådgiving til leiarar og einingar om teknologi, systembruk og gevinstrealisering
-
Oppfølging av avtalar, leverandørar og innkjøp
-
Bidra til kompetanseheving og god digital kultur i organisasjonen
Kvalifikasjonar
-
Relevant utdanning innan IKT, teknologi, digitalisering eller tilsvarande på fagskule eller høgskulenivå Lang og relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
-
Erfaring med IKT drift i offentleg sektor.
-
Erfaring med leiing, teamleiing eller prosjektleiing innan IKT og digitalisering.
-
Kunnskap om organisasjonsutvikling og samspel mellom teknologi, oppgåver, folk og struktur.
-
God forståing for informasjonssikkerheit, personvern og offentleg forvaltning
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som:
-
er tydeleg, strukturert og utviklingsorientert
-
trivst med å kombinere strategisk arbeid og operativ oppfølging
-
kommuniserer godt og skapar tillit
-
har evne til å prioritere, koordinere og gjennomføre
-
ønskjer å byggja ein sterk organisasjon der digital utvikling skjer på ein måte som sikrar god gevinstrealisering balansert mot krav til personvern og informasjonstryggleik
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
-
Ei sentral rolle der du får påverke retning, prioriteringar og utvikling av kommunen sine digitale tenester
-
Ei sentral plassering i organisasjonen med mogleheit til å arbeida med heile breidda av kommunal drift og utvikling. Du vil arbeide tett på heile organisasjonen og bidra til ein betre kvardag for både tilsette og innbyggjarar.
-
Ein arbeidsplass med korte beslutningsvegar, høg grad av tillit og reell moglegheit til å få gjennomført gode idear
-
Varierte og meiningsfulle oppgåver som spenner frå strategisk utvikling til praktisk problemløysing
-
Fitjar kommune ønskjer å satse på digitalisering og ønskjer ein person som vil vere med å løfte oss vidare
-
Gode moglegheiter for fagleg utvikling, kurs og kompetanseheving
-
Løn etter avtale
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Ein arbeidsplass i vakre Fitjar, med nærleik til natur, gode oppvekstmiljø og eit inkluderande lokalsamfunn
Det er kort søknadsfrist då det er viktig å få rolla på plass så raskt som mogleg. Me vil gjennomføra intervju fortløpande i søknadsperioden. Tilsetjing vil skje snarast mogleg etter at søknadsfristen er ute.