Fagperson innan helse/sosial/ pedagogikk

Stilling
Fagperson med høgskuleutdanning
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
04. nov.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du vere med og gjere ein forskjell for både små og store – heilt frå starten av livet?
I Familieambulatoriet på Haugesund sjukehus jobbar vi for å gi god støtte til gravide og småbarnsfamiliar som står i ekstra krevjande livssituasjonar. No ser vi etter ein ny kollega som vil vere med oss i dette viktige arbeidet – i eit vikariat på eitt år.

Hos oss møter du eit tverrfagleg team med stort engasjement og fagleg tyngde – og ikkje minst: kollegaer som ser kvarandre, løftar kvarandre og har det fint saman på jobb.

Vi gir eit lågterskeltilbod til familiar der ein eller begge foreldre har utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Vi følgjer familien frå graviditet og heilt til barnet er seks år – og vi er med på å koordinere hjelpa som trengst i kommune- og spesialisttenesta. Det må påreknast noko ambulant verksemd.  

Du blir ein del av ein inkluderande arbeidskvardag med relasjonsbygging, familie- og nettverksarbeid og rom for fagleg utvikling.

Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.

👉 Her kan du lese meir om Familieambulatoriet


Kva går jobben ut på? 

  • Følgje opp den gravide, barn og familiar koordinert med ulike samarbeidspartnerar  
  • Medverke i gjennomføring av barneundersøkingar i samarbeid med lege og psykolog 
  • Kontakt med aktuelle instansar rundt familiane 
  • Bidra fagleg gjennom undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i Familieambulatoriet si utvikling internt og via fagnettverket. 
  • Teamarbeid  

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Fagperson med høgskuleutdanning innan fagfelta helse/sosial/pedagogikk 
  • Det er ønskeleg med vidareutdanning innan eit eller fleire av områda: samspel/tilknyting, psykisk helse og rus, familierettleiing   
  • Kompetanse og erfaring med kartlegging og oppfølgingsarbeid innan svangerskap, familie, barn og psykisk helse og rus
  • Kompetanse og erfaring i arbeid med sped- og småbarn si psykiske helse 
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid på tvers av avdelingar og mellom føretak og kommunar.  
  • Rettleiingskompetanse/erfaring
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som: 

  • Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling
  • Har gode kommunikasjonsevnar
  • Likar å arbeide i team og har gode samarbeidsevner
  • Er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
  • Jobbar godt på eiga hand og held oversikt over arbeidsoppgåvene
  • Har fagleg engasjement og høg fagkompetanse

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.  
  • Arbeid i tverrfaglege team.
  • Fagleg rettleiing.
  • Moglegheit for kompetanseheving.  
  • Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer. 
  • Ei dagstilling.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kjersti Rikke Nygaard Bårdsen, Funksjonsleiar, Kjersti.Rikke.Nygaard.Bardsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5196239580
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.11.2026

Kontaktpersoner
Kjersti Rikke Nygaard Bårdsen
Funksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter