Ringevikar/ekstrahjelp - hjelpepersonell ved Etne og Skånevik legekontor

Stilling
Helsesekretær/sjukepleiar ringevikar/ekstrahjelp
Lokasjon
Etne
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. nov.
Få påminnelse
23 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Etne og Skånevik legekontor søkjer helsesekretær/sjukepleiar til å vera ringevikar/ekstrahjelp ved fråvær og ferie.

Legetenesta i kommunen har hovudkontor i Etne og eit utekontor i Skånevik. Det er 7 legar og 6 hjelpepersonell som arbeider ved kontora. Trivelege kollegaer med erfaring og gode rutinar.

Arbeidsoppgåver

Som hjelpepersonell vil du etter opplæring ha ein arbeidskvardag med ulike arbeidsoppgåver.

  • Ekspedisjonsarbeid med pasientmottak i skranke/telefon/digitalt for timebestilling, reseptfornying mm.
  • Prøvetaking, laboratorie- og sårstell
  • Bistå legane i pasientbehandling

Kvalifikasjonar

- Helsesekretær
- Sjukepleiar
- Anna relevant fagutdanning og/eller fullført 2. året på Bachelor sjukepleie

Erfaring frå arbeid på legekontor er ein fordel.

Eigenskapar

Me søkjer ein vikar som er positiv, løysingsorientert og har evne til å arbeide sjølvstendig. Du må ha gode samarbeidsevner og vera fagleg engasjert.

Me tilbyr

Etne kommune er ein langstrakt kommune med tilgang til flott natur med både fjord og fjell. Kommunen har om lag 4100 innbyggarar der nesten halvparten bur i tettstadane Etne og Skånevik.
Kommunen har eit rikt kulturliv, engasjert næringsliv med tilgjengeleg servicetenester, aktive organisasjonar og eit godt oppbygd kommunalt tenesteapparat. Det skal vera godt å bu og jobba i kommunen.
Velkommen som søkjar.

Annan informasjon

Du må framvise politiattest utan merknader.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktpersoner
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter