Vil du ta ansvar på kjøkkenet -- og vere med og utvikle Epleriet vidare?
Vil du ta ansvar på kjøkkenet -- og vere med og utvikle Epleriet vidare?
Kjøkkenansvarleg og allsidig medarbeidar -- 80--100 % stilling
Me har god driv, store planar og mykje uforløyst potensiale.
Epleriet er bygd om for heilårsdrift, og no leitar me etter ein engasjert og sjølvstendig person som kan ta eit særleg ansvar for kjøkkenet -- og samtidig vere med og utvikle Epleriet vidare.
Epleriet ligg på Helgøy i Ryfylke og er ein møte- og opplevingsarena med lokalmat, fruktproduksjon, selskap, arrangement, kurs og besøk gjennom året.
Kjøkkenet blir ein viktig del av jobben
Me leitar etter ein person som kan ta ansvar for den daglege drifta på kjøkkenet.
Du bør derfor ha god erfaring med matlaging og kjøkkenarbeid, gjerne frå restaurant, catering, selskapsverksemd, kafé eller storkjøkken.
Du må kunne arbeide sjølvstendig, planleggje og gjennomføre matservering og ha oversikt når det skjer mykje.
Samtidig er Epleriet ein liten og allsidig arbeidsplass, og du må trivast med å bidra også på andre område.
Me ønskjer også å utvikle Epleriet vidare
Eit viktig mål framover er å skape meir aktivitet gjennom heile året, og særleg utvikle vinterhalvåret der me tidlegare har hatt mindre aktivitet.
Derfor ser me gjerne etter ein person som, i tillegg til kjøkkenansvaret, har interesse for eitt eller fleire av desse områda:
- sal og kundeoppfølging
- marknadsføring og sosiale medier
- arrangement og vertskap
- utvikling av nye produkt, opplevingar og konsept
- praktisk planlegging og gjennomføring
Du treng ikkje kunne alt.
Det viktigaste er at du kan ta ansvar på kjøkkenet, er sjølvstendig og løysingsorientert, og har lyst til å vere med og utvikle Epleriet saman med oss.
Hos oss blir ingen dagar heilt like.
Du vil jobbe tett saman med Anne Norunn og resten av gjengen på Epleriet, og vere ein viktig ressurs både i den daglege drifta og i utviklinga framover.
Verksemda omfattar aktivitet både på dagtid og ved arrangement på kveld og i helger, så noko fleksibilitet må påreknast.
Me har også flinke ungdommar som bidreg ved større arrangement og i travle periodar.
Me ønskjer å byggje Epleriet vidare på ein god og berekraftig måte -- både for verksemda og for dei som jobbar her.
Hos oss må du vere innstilt på å stå på når det trengst, særleg i travle periodar og ved arrangement.
Samstundes ønskjer me å skape ein arbeidsplass der det er mogleg å ha ein god og berekraftig kvardag over tid.
Me kan tilby ein spennande og variert jobb med stor moglegheit til å påverke og vere med på vidare utvikling av Epleriet.
Stillinga er i utgangspunktet 80--100 %.
Er du interessert eller har spørsmål, ta kontakt med Anne Norunn på 41 92 81 53.
Anne Norunn, Epleriet 🍎 Mobil: 41 92 81 53 E-post: post@epleriet.no Nettside: www.epleriet.no
Følg Epleriet på Instagram, Facebook og LinkedIn.