Vil du selje løysingar som energi- og breibandsbransjen faktisk treng?
EndUser utviklar programvare som nettselskap og breibandsaktørar nyttar kvar dag. No søkjer me ein Business Developer som skal vinne nye kundar og drive fram nye prosjekt saman med oss.
Om stillingaRolla er først og fremst sal. Du får ansvar for eigne salsmål og jobbar med å finne og vinne nye kundar over heile Noreg. Samstundes skal du ta med deg det du lærer ute hjå kundane, og vere med og gjere det om til nye tenester og prosjekt. Du rapporterer til Key Account Manager og jobbar tett med utviklingsmiljøet vårt. Stillinga inneber ein del reising til kundar, messer og bransjetreff.
Arbeidsoppgåver-
Finne, kvalifisere og vinne nye kundar, frå første kontakt fram til signert avtale
-
Halde presentasjonar og demoar, og vere ansiktet vårt på kundemøte, messer og konferansar
-
Lage tilbod og forhandle avtalar innanfor gjevne rammer
-
Byggje og følgje opp eigen pipeline
-
Drive nye prosjekt frå ide til pilot hjå kunde
-
Ta med innspel frå marknaden inn i produktutviklinga
-
Du har dokumenterte resultat frå B2B-sal, gjerne av programvare eller tenester
-
Du er god til å presentere og forhandle, både munnleg og skriftleg
-
Du likar å reise, og du har førarkort klasse B
-
Du tek initiativ, byggjer relasjonar lett og held fram til avtalen er i hamn
-
Erfaring frå energi- eller breibandsbransjen er ein stor fordel, men ikkje eit krav.
-
Om du ikkje kjenner bransjen frå før, så tek me deg gjerne gjennom han.
-
Kjennskap til SaaS og abonnementsmodellar er også ein fordel.
-
God fastløn og mulighet for provisjon
-
Ei sentral rolle med stor fridom til å påverke både sal og produkt
-
Fleksibel arbeidsstad. Du treng ikkje bu i Årdal
-
Profilert bil, gode forsikringar, velferdsordningar og pensjonsordning
-
Moglegheit for etter- og vidareutdanning
-
Eit større fellesskap i Årdal Energi, med trivselsaktivitetar og lagbygging på tvers av selskapa i konsernet
Me går gjennom søknadene fortløpande, så send gjerne inn tidleg. Har du spørsmål om stillinga, så ring Paula eller Thomas. Me tek gjerne ein uforpliktande prat!