Skipsførar i Eide Båt
For å nå vår visjon vår om å setje standarden for framtidas havbruk, er me avhengige av dyktige kollegaer om bord på fartøya våre. Me søkjer deg som er motivert for å bidra i eit innovativt og framtidsretta miljø, der kvalitet står i sentrum i alle ledd.
Om stillinga:Som skipsfører har du ansvaret for fartøyet, mannskap og sikker drift til ei kvar tid. Rolla innebærer planlegging, koordinering og gjennomføring av operasjonar i tråd med gjeldande regelverk og interne prosedyrar. En sentral del av ansvaret er å ivareta og vidareutvikle ein sterk HMS-kultur om bord, samt sikre trygge og gode arbeidsforhold for mannskapet.
Stillinga går i gjeldande turnusordning med 14 dagar på arbeid, med påfølgande 14 dagar friperiode. Fartsområdet vil vera i heile Vestland fylke. Stillinga inneber at ein bur om bord på båten i arbeidsperiodane.
Viktige arbeidsoppgåver vil vera:
- Leiing og oppfølging av mannskap om bord
- Delta i drift, vedlikehald og service på fartøy og utstyr
- Navigasjon og sikker manøvrering av fartøyet
- Oppfølging av selskapets sikkerheitsstyringssystem
- Klargjering og nedrigging av lokalitetar
- Levering og avlusing og lettare fortøyingsarbeid
- Bistand til nye driftsformer som blant anna Watermoon
- Drift av ROV
- Sikre god kommunikasjon og samhandling om bord og med driftsleiing
- Ansvar for gjennomføring av forskriftspålagde øvingar
- Feilsøking og problemløysing under drift
- Orden, reinhald og smitteførebyggjande arbeid
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
**Uredd.**Me tør å satse på visjonar og på folk.
**Nytenkjande.**Me utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
**Bevisst.**Me tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.
Fisk. Folk. Fjord. Framtid. --- det er kompasset vårt. Ønskte kvalifikasjonar og eigenskapar- Fagbrev/utdanning innan relevant område som til dømes matros/ akvakultur eller erfaring frå arbeid på sjø kan kompensere for manglande formell utdanning
- Gyldige sertifikat i tråd med krav til stillinga
- God HMS kunnskap
- Sjølvstendig, initiativrik og løysningsorientert
- Strukturert og løysingsorientert arbeidsform
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar i operative situasjonar
- Du har gode samarbeidsevner og bidrar til godt arbeidsmiljø
- Teknisk forståing for mekanisk og/eller elektrisk utstyr
I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet me driv i. Som skipsførar hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du:
- Jobb i ei framtidsretta og spennande næring
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede står sterkt
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med: Driftsleiar, Lars-Thomas Unneland Larsen: lars-thomas.unneland.larsen@efb.no / 976 62 132
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å sette standarden for framtidas havbruk.
Me gler oss til å høyre frå deg.