Produksjonsoperatør

Stilling
Produksjonsoperatør
Lokasjon
Brandasund
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
07. des.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Eide er eit familieeigd selskap og blant pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Visjonen vår handlar om å vere eit førebilete, slik at me kan produsere mat i sjøen på ein berekraftig måte.

Med vårt eige slakteri på Brandasund har me full kontroll over heile prosessen, og dermed kvaliteten på produktet vårt. Slakteriet skal vere eit føregangsslakteri innan kvalitet, HMS, berekraft og bruk av restråstoff.

Om rolla

Me søkjer dyktige operatørar til fabrikken vår på Brandasund, til avdelingane for opptak/bløgging og slakteri. Som operatør hos oss vil du ha ansvar for at produkta våre held høgast mogleg kvalitet gjennom alle produksjonsprosessane. Det får du til gjennom godt samarbeid med kollegaene dine og god forståelse for mattryggleik. Hos oss blir du del av eit trygt og mangfaldig arbeidsmiljø, der me er opptekne av at folk skal trivast og ha det gøy!

Viktige arbeidsområde:

Opptak/bløgging:

  • Arbeidsoperasjonar på ventemerdanlegg
  • Innpumping av fisk
  • Bedøving og bløgging av fisk
  • Vedlikehaldsoppgåver

Slakteri:

  • Betjening av sløyemaskinar
  • Handsløying av fisk
  • Vedlikehaldsoppgåver

I alle prosessane er det viktig å vere kvalitetsbevisst og forstå samanhengen mellom ulike kvalitetsparameter og mattryggleik. Arbeidsstaden er fabrikken vår på Brandasund i Bømlo kommune. Stillinga rapporterer til teamleiar.

Kven er du?

Er du framoverlent og oppteken av effektive og nøyaktige prosessar, kan du vere den me ser etter. Ønskjer du i tillegg spennande arbeidsoppgåver, vil me gjerne høyre frå deg.

Ønska kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
  • Fagbrev i sjømatproduksjon er ein fordel
  • Erfaring frå arbeid i næringsmiddelindustri
  • Bidrar til god HMS-kultur og arbeider strukturert
  • Arbeider godt sjølvstendig, og saman med andre
  • Meistrer godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Truckførarbevis er ein fordel, men ikkje eit krav

Stillinga krev godkjent bakgrunnssjekk frå Luftfartstilsynet. Arbeidstidene vil variere noko, og vil kreve tidleg oppstart mellom kl 04.00 og 05.00

Eide tilbyr:
  • Godt arbeidsmiljø
  • Faglege utfordringar
  • Konkurransedyktige lønsvilkår, forsikrings- og pensjonsordningar

Kompetansen og bidraget ditt vil vere svært viktig for verksemda si vekst og drift i framtida. I Eide kjem du inn i ei verksemd som tør å satse både på visjonar og på folka sine. Me har eit motto: «Det viktigaste er å ha det gøy».

Søknadsinformasjon

Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, CV og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med: Produksjonsleiar Julia Lungström-Raisz, +47 949 77 612 / julia.lungstrom-raisz@efb.no

Teknologier og programvare
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter