IT-tekniker
Eide er eit familieeigd selskap og ein av pionerane i havbruksnæringa, med ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. Vi produserer årleg om lag 20 000 tonn laks og aure av høg kvalitet, og dekkjer heile verdikjeda frå rogn til sluttkunde. I tillegg utviklar vi Watermoon, eit lukka oppdrettsanlegg i sjø.
Bak produksjonen står vår IT/OT-funksjon som har ansvar for infrastruktur, nettverk, sikkerheit og operasjonell teknologi på alle lokasjonane våre: oppdrettsanlegg i sjø, setjefisk på land, slakteri og kontor. Mange av systema er produksjonskritiske, og nedetid får direkte biologiske og økonomiske konsekvensar.
Vi styrkjer no laget og søkjer ein praktisk og løysingsorientert IT-teknikar.
Om stillingaSom IT-teknikar skal du sikre stabil dagleg drift av klientutstyr, brukarar, nettverk og anna utstyr på alle lokasjonane våre. Kvardagen er praktisk og variert, med brukarstøtte, klientar og montering og oppsett av utstyr ute i felt. Du blir kontaktpunktet mellom lokasjonane og IT, og du bidreg også til at IT/OT-infrastrukturen er tilgjengeleg, vedlikehalden og dokumentert.
Over tid kan rolla vekse til å omfatte meir ansvar for infrastruktur og kjernesystem, som nettverk, serverar, virtualisering og skyløysingar. Du blir ein del av eit lite team der du får stor fridom til å jobbe sjølvstendig og finne gode løysingar.
Arbeidsoppgåver- Brukarstøtte og drift av PC, mobil og anna utstyr på kontor, anlegg og fartøy
- Administrasjon av klientar via Intune, mellom anna utrulling av programvare og oppdateringar
- Montering og oppsett av nettverksutstyr, kamera og AV-utstyr i felt
- Kontaktpunkt mellom lokasjonane og IT
- Klargjering av utstyr, kontoar og tilgangar når tilsette startar og sluttar
- Drift, vedlikehald og overvaking av nettverk og serverar, saman med IT-ansvarleg og driftspartnaren vår
- Koordinering av feilretting og vedlikehald som leverandørar utfører
- Samarbeid med el- og automasjonsavdelinga om tilkopling av produksjonsutstyr
- Dokumentasjon av utstyr, oppsett og rutinar
- Fagbrev, fagskule eller bachelor innan IT. Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning.
- Erfaring frå brukarstøtte og klientdrift
- Grunnleggjande forståing av nettverk og serverar
- God norsk og engelsk, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Erfaring med eitt eller fleire av desse: Microsoft 365, Intune, Entra ID/AD, Windows Server, VMware, Cisco Meraki og Azure
- Erfaring frå havbruk, industri eller anna produksjon
- Erfaring med oppfølging av leverandørar
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Du er praktisk, sjølvstendig og serviceinnstilt, og du arbeider strukturert. Du likar å reise ut og løyse ting på staden. Du trivst i team, deler det du kan, tek ansvar for arbeidet ditt og bidreg positivt til kulturen. Og du har alltid lyst til å lære meir.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
**Uredd.**Vi tør å satse på visjonar og på folk.
**Nytenkjande.**Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
**Bevisst.**Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.
Fisk. Folk. Fjord. Framtid.
Vi tilbyrI Eide tør vi å satse, både på visjonar og på folk. Vi bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet vi driv i. Som IT-teknikar hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø. Hos oss får du:
- Jobb i ei framtidsretta og spennande næring
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Eit arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede står sterkt
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, med kurs og sertifisering
- Konkurransedyktige vilkår
Fast stilling, 100 %. Arbeidsstaden er Eidestøa i Bjørnafjorden eller kontoret vårt i Bergen. Du må rekne med jamleg reising til lokasjonane våre på Vestlandet, frå slakteriet i Brandasund på Bømlo i sør til lokalitetane i Nordfjord i nord. Stillinga har periodevis beredskap ved fråvær i IT-funksjonen.
SøknadVi ønskjer deg velkomen til å sende søknad, CV og relevante dokument innan søknadsfristen. Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med Eirik Hop eirik.hop@efb.no / 97 49 40 92 eller Anders Berland anders.berland@efb.no/ 99 29 46 01
For meir informasjon om selskapet, sjå nettsidene våre på www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av den spennande reisa vår mot å setje standarden for framtidas havbruk.