Driftsoperatør - Hardanger
For å nå vår visjon om å setje standarden for framtidas havbruk, er me avhengige av dyktige kollegaer på merdkanten. Me søkjer deg som er motivert for å bidra i eit innovativt og framtidsretta miljø, der kvalitet står i sentrum i alle ledd.
Me satsar på ny teknologi og berekraftige løysingar, og har fleire spanande initiativ på gang. No søkjer me fleire engasjerte medarbeidarar med på laget - som vil utvikle seg saman med oss.
Om stillinga:Som driftsoperatør vil du vere ein sentral del av den daglege drifta på våre lokalitetar. Du får ein variert arbeidskvardag med både ansvar og moglegheit for utvikling.
Viktige arbeidsoppgåver vil vera:
- Fôring og stell av fisk
- Deltaking i større operasjonar som levering, avslusing og klargjering/nedrigging av lokalitetar m.m.
- Forfallande vedlikehald og periodisk ettersyn på anlegg, båtar og utstyr
- Orden, reinhald, og smitteførebyggjande arbeid
- Deltaking i helgevaktordning
For oss er motivasjon, haldningar og verdiar viktig. Vi ønskjer å ha deg med på laget som er samarbeidsvillig, bevisst i eigne handlingar og som tek ansvar både for menneska rundt deg og arbeidet du utfører. Du trivst med å jobbe i team, deler kunnskap, er nysgjerrig, lærevillig og bidreg positivt til kulturen.
Verdiane våre er kompasset i alt vi gjer:
**Uredd.**Vi tør å satse på visjonar og på folk.
**Nytenkjande.**Vi utfordrar etablerte sanningar og gjer ting på nye måtar.
**Bevisst.**Vi tek ansvar for fisk, folk, fjord og framtid.
Fisk. Folk. Fjord. Framtid. --- det er kompasset vårt. Ynskte kvalifikasjonar og eigenskapar- Fagbrev/utdanning innan akvakultur, eller anna relevant fagbrev/utdanning/erfaring
- Motivert for arbeid med fisk og oppdrett
- Engasjert i berekraft, fiskehelse, og god produksjon
- Bidreg til god HMS og arbeider strukturert
- Initiativrik og løysingsorientert
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar i operative situasjonar.
- Gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
- Førarkort klasse B
- Erfaring med eller vilje til å ta nødvendige sertifikat for betjening av båt, kran og maskinelt utstyr
I Eide tør me å satse - både på visjonar og på folk. Me bryr oss om kvarandre, fisken vår og miljøet me driv i. Som driftsoperatør hos oss blir du ein viktig lagspelar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Hos oss får du:
- Jobb i ei framtidsretta og spennande næring
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Et arbeidsmiljø der både tryggleik og arbeidsglede står sterkt
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
Me ynskjer deg velkomen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokument. Har du spørsmål knytt til stillinga, ta kontakt med drifsleder Jostein Haukanes jostein@efb.no / 95118780 eller operativ leiar britt.kari.legard@efb.no / 97521071
For meir informasjon om selskapet, sjå våre nettsider og sosiale medium www.efb.no.
Søk i dag og bli ein viktig del av vår spanande reise for å sette standarden for framtidas havbruk.