Me søkjer ein ny kollega med hjarte for tal og menneske

Stilling
Rekneskapsførar
Lokasjon
Stord
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
11. okt.
Få påminnelse
9 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

ECIT Stord veks, og no ser vi etter ein ny kollega som vil vere med på laget.

Kanskje er du autorisert rekneskapsførar. Kanskje er du ikkje heilt der enno. Det viktigaste for oss er at du likar faget, trivst i dialog med kundar og ønskjer å utvikle deg saman med eit sterkt fagmiljø.

Hos oss får du meir enn berre rekneskapsføring. Du får jobbe tett på spennande kundar, vere ein viktig rådgivar, finne smarte løysingar og bidra til at lokale verksemder lukkast.

Kven er du?

Du treng ikkje krysse av på alle punkta, men kanskje kjenner du deg att i noko av dette:

  • God systemforståing og fagleg kompetanse

  • Trygg i kundedialogen og oppteken av gode kundeopplevingar

  • Nysgjerrig på teknologi, digitalisering og kunstig intelligens (AI)

  • Likar å byggje gode relasjonar med kundar

  • Strukturert, analytisk og løysingsorientert

  • Autorisert rekneskapsførar, eller ønskjer å bli det

  • Trivst med samarbeid og deler gjerne kunnskapen din med andre

Kva skal du jobbe med?

Vi brenn for rekneskapsfaget og for å utvikle både oss sjølve og kollegaene våre. Hos oss får du både støtte og moglegheiter, og kor langt du vil nå, er i stor grad opp til deg sjølv.

Ingen dagar er heilt like, men du vil mellom anna arbeide med:

  • Din egen kundeportefølge, med ansvar for relasjonen og leveransene

  • Avstemming og rapportering

  • MVA og årsoppgjer

  • Kundeoppfølging og rådgjeving

  • Digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar

  • Sparring med kollegaer og kundar

  • Lønn

Engasjement og vilje til å lære veg tungt. Resten hjelper vi deg med.

Kvifor ECIT Stord?

ECIT Stord er ein del av ECIT-konsernet, med kontor i fleire land og eit breitt fagmiljø innan rekneskap, løn, IT og rådgjeving. Vi har samla alt kundane treng innan økonomi, IT og forretningsløysingar på eitt og same stad.

I kvardagen vil du først og fremst merke at du jobbar på eit lokalt kontor med kundar i nærområdet. Samtidig har du eit stort fagleg nettverk og eit solid apparat i ryggen når du treng det.

Vi trur framtidas rekneskapsførar bruker mindre tid på manuelle oppgåver og meir tid på rådgjeving, analyse og verdiskaping. Difor investerer vi i teknologi, kompetanse og nye arbeidsmåtar allereie no.

Vi er også ærlege om at vi står midt i denne utviklinga. Nokre prosessar er framleis under utforming, og vi ønskjer oss kollegaer som synest det er spennande å vere med og påverke.

Hos oss får du
  • Fleksibel arbeidskvardag

  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling

  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Moderne digitale verktøy

  • Konkurransedyktige vilkår

  • Dyktige og engasjerte kollegaer

Er du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Ta kontakt for ein uforpliktande prat. Vi er meir opptekne av kven du er og kva du vil bli, enn at du kryssar av i alle boksane. Liv Marit Børve

Dagleg leiar | ECIT Stord AS

Tlf: 417 69 252

Vi behandler søknader fortløpende, så send inn så snart du er klar.
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter