Leiande rolle med ansvar og påverknad
Vår noverande dagleg leiar går vidare til nye utfordringar internt i ECIT Stord. Derfor søkjer vi no ein ny dagleg leiar som vil vere med å vidareutvikle eit solid fagmiljø, skape resultat og god kundeopplevingar saman med dyktige kollegaer.
Hos ECIT Stord får du kombinere leiing, kunderådgiving og regnskapsfag i ei rolle med stor påverknadskraft. Du får ansvar for menneska, kundane og den vidare utviklinga av selskapet, samtidig som du blir ein del av eit av Noregs leiande kompetansemiljø innan økonomi, teknologi og rådgiving.
Kvifor velje denne rolla?-
Dette er stillinga for deg som:
-
trivst tett på kundane og næringslivet
-
ønskjer meir ansvar og påverknad
-
er trygg i regnskapsfaget og ser moglegheiter framfor hindringar
-
vil vere med å forme retninga til ei selskapet med sterk lokal posisjon
-
har mot til å leie endring, og tar teamet med deg i utviklinga
-
er nyfiken på teknologi og ser korleis digitale løysingar kan skape verdi for kundar og kollegaer
-
Leie og utvikle medarbeidarane i selskapet
-
Vidareutvikle kundar og skape nye forretningsmoglegheiter
-
Sikre kvalitet, lønsemd og gode kundeopplevingar
-
Bidra med regnskapsfagleg kompetanse og rådgiving
-
Vere ein synleg representant for ECIT i Sunnhordland
Vi kombinerer det beste frå to verder:
✅ Lokal nærleik til kundane og regionen
✅ Eit stort fagmiljø med spesialistar på tvers av ECIT
✅ Moderne arbeidsformer og høg fagleg kvalitet
✅ Moglegheit til å påverke både eiga rolle og selskapet si utvikling
Klar for neste steg?Send søknad og CV via søknadsknappen i stillingen. Vi intervjuer fortløpende, så ikke vent for lenge.
Har du spørsmål? Ta kontakt med Christine Frønsdal, regiondirektør og styreleder, på 948 89 200 eller cfronsdal@ecit.no.