Badevakt/Badebetjent - 13,28 % fast stilling

Stilling
Badevakt
Lokasjon
Dombås
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
08. okt.
Få påminnelse
14 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Ved Dovre svømmehall er det frå snarast ledig 13,28 % fast stilling som badevakt/badebetjent.

Dovre svømmehall ligg på Dombås, samlokalisert med Dovre ungdomsskule, og er ein viktig møteplass for fysisk aktivitet, trivsel og folkehelse i lokalsamfunnet. Svømmehallen er open i perioden 1. september til 1. mai, og stillinga følgjer dei vedtekne opningstidene:

  • tysdag og torsdag kl. 18.00-21.00

  • ein laurdag per månad

  • ein dag i haustferien

  • ein dag i juleferien

  • ein dag i vinterferien

  • ein dag i påskeferien

Det er politisk vedteke drift av svømmehallen for 2026. Organisering og omfang av stillinga kan derfor bli endra frå 01.01.2027.

Arbeidsoppgåver

  • tilsyn med badegjester under opningstid

  • bidra til trygg og forsvarleg drift av svømmehallen

  • opning og stenging av anlegget etter gjeldande rutinar

  • enkle reinhalds- og vedlikehaldsoppgåver

  • handtering av situasjonar som krev førstehjelp eller livredning


Kompetansekrav

  • gode svømmeferdigheiter

  • fylt 18 år

  • gode kommunikasjonsevner overfor barn, ungdom og vaksne


Kompetanseønske

  • erfaring frå arbeid med menneske

  • erfaring frå servicearbeid, idrett eller frivillig arbeid


Vi vil gjerne ha din søknad dersom du

  • er trygg, ansvarsbevisst og påliteleg

  • er observant og har fokus på tryggleik

  • kan opptre roleg og handlekraftig dersom det oppstår krevjande situasjonar

  • er serviceinnstilt, møter publikum på ein positiv måte og bidreg til eit inkluderande og triveleg miljø for alle brukarar

  • arbeider sjølvstendig og følgjer rutinar

  • har interesse for helse og fysisk aktivitet

Personleg eignaheit blir vektlagt.

Nødvendig opplæring vil bli gjeve. Du må bestå livredningsprøve kvart år, og dette inngår som ein del av opplæringa.

Vi tilbyr deg eit spennande og samfunnsnyttig arbeidsområde, løn etter tariff og pensjonsordning i KLP. For øvrig gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte rektor Sissel Øwre på tlf. 959 25 839 eller e-post: sissel.owre@dovre.kommune.no

Kopiar av vitnemål og attestar ber vi om at du tek med til eit eventuelt intervju.

Vi gjer merksam på at namn på søkjar kan bli offentleggjort sjølv om det blir bedt om unntak frå dette, jf. offentleglova § 25. Søkjarane vil i så fall bli varsla på førehand.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter