Tannlege ved distriktstannklinikken Sykkylven

Stilling
Tannlege ved distriktstannklinikken Sykkylven
Lokasjon
Sykkylven
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
20. nov.
Få påminnelse
17 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt på Sykkylven på Sunnmøre?

  • Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke? 
  • Blir du motivert av å jobbe for og med menneske? 
  • Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar? 
  • Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?

Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved distriktstannklinikken Sykkylven

Vil du kombinere ein meiningsfull jobb, i ein topp moderne klinikk, med eit aktivt liv mellom fjord og fjell?

Mellom fjord og fjell ligg Sykkylven, kjent som innfallsporten til Sunnmørsalpane. Regionen byr på naturopplevingar i verdsklasse og eit aktivt friluftsliv gjennom alle årstider, frå toppturar og sykling til alpint og langrenn. Samstundes finn du eit levande lokalsamfunn med eit rikt kultur- og organisasjonsliv, som gir gode moglegheiter for både familiar og tilflyttarar. Les meir om Sykkylven og moglegheitene for eit aktivt liv i Sunnmørsalpane: www.sykkylven.com

 

 


Arbeidsoppgåver

Varierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk  
  • Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit 

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som:

  • kjenner stoltheit for tannhelsefaget 
  • trivst med å jobbe med og for menneske 
  • jobbar effektivt og sjølvstendig 
  • har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert 
  • ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein god jobb der du kan utvikle deg 
  • Lønn etter avtale
  • Etableringstilskot og flyttetilskot  
  • Eit fagleg nettverk med påfyll av kompetanse 
  • Trivelege medarbeidarar og godt miljø 
  • Introduksjonsprogram
  • Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)


Anna

Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Berte Helen Støylen Hole, Klinikkleder
Are Kristoffer Hjeltnes, Overtannlege Ålesund kompetanseregion, 92045001

Arbeidsstad

Ullavikvegen 7
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5202682978
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.11.2026

Kontaktpersoner
Are Kristoffer Hjeltnes
Overtannlege Ålesund kompetanseregion
Berte Helen Støylen Hole
Klinikkleder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter