Med på utviklarlaget i Digdir ? 

Stilling
Utvikler
Lokasjon
Leikanger
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
29. okt.
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. 
Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag ! 

Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjera våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-porteføljen og eInnsyn endå betre, sikrare og meir brukarvennlege. 
Me er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det ! 

Om du også likar det slik, kan noko, og vil noko, so søk gjerne. 

 

Teknologi  
Teama våre har stor teknologisk friheit og tek i bruk den teknologien som er best egna for den aktuelle oppgava. Vi er best kjent med Java, Kotlin, Kafka, React og TypeScript, men nyttar også .NET. Vi nyttar oss av mikrotenester der det er relevant. Plattformene våre er Kubernetes-basert med OpenShift eller Azure. Vi nyttar Digdir sitt Designsystem https://www.designsystemet.no/ 

 Vi er aktive brukarar av KI og ynskjer å utvide bruken i trygge rammer for å støtte teama i sitt arbeid.  

   

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene din vil vere produktutvikling i tverrfaglege produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for sine produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet. 

Kvalifikasjonar

  •  Du må ha høgare, relevant utdanning på høgskole-/universitetsnivå på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande utdanning.  
  • Du må ha minimum 3-5 års relevant erfaring innan systemutvikling, og arbeid med DevOps-metodikk, gjerne med god kjennskap til ein eller fleire av desse : 
    -Java og Spring-rammeverket 
    -.NET / C# 
    -Frontend-utvikling i React  
    -databaseteknologi som MariaDB og PostgreSQL 
    -digital identitetshandtering og protokollar som OIDC og OAuth 2. 
    -meldingsutvekslingsprotokollar som Peppol eller MLS 
    -teknologi for digital strømming av data, fortrinnsvis Apache Kafka 
  • Du må vere kvalitetsbevisst på koden du leverer, som for eksempel modellering, overvaking og testing. 
  • Arbeidsspråket er norsk, og du må derfor ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. 
  • Stillinga krev at du må autoriserast for BEGRENSET definert i sikkerheitslova. 

 

Det er også ønskeleg med 

  • erfaring frå å jobbe i tverrfaglege team med kontinuerlege leveransar, inklusiv relevante støttesystem som for eksempel Jira og GitHub. 
  • erfaring med KI-assisterte arbeidsformer i utviklingsteam med vekt på sikkerheit og kvalitetssikring.  
  • kunnskap om offentleg forvalting generelt 
  • erfaring med drift og utvikling av sky- og container-baserte applikasjonar, spesielt Kubernetes. 
 Vi har stor tru på å møtast fysisk og derfor er desse stillingane plassert på vårt kontor i Sogndal, men vi er i særlege tilfelle open for at du kan jobbe frå eit av Digdir sine andre kontor i Brønnøysund eller Oslo. 

Personlige egenskaper

Du blir ein del av eit lag, og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss, men også for deg sjølv og teamet ditt. 

 Det er derfor viktig at du

  • kan jobbe sjølvstendig og i team   
  • tek initiativ når du ser nye moglegheiter 
  • er faglig nysgjerrig og ønskjer å fordjupe deg i teknologi og standardar  
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert  
  • har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne  
  • ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk  

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman 
  • arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag  
  • gode ordningar for opplæring og vidareutvikling  
  • familievennleg personalpolitikk  
  • lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 600 000 - kr 1 025 200. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn 
  • fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening i veka innafor arbeidstida  
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar. Les meir om goda ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen. 

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald  
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.  

 

Vil du vite meir?  
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne  

Seksjonssjef Jørn Stenehjem  
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no Telefon: 911 46 279 

Seniorrådgiver Eldar Venes 
E-post: eldar.venes@digdir.no Telefon: 913 28 347 

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.  

Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.  

 

Sikkerheit i Digdir  

Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss. I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen. Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar. 

Kontaktinformasjon

Jørn Stenehjem, Seksjonsleiar, 91146279, jorn.stenehjem@digdir.no
Eldar Venes, Seniorrådgiver , 91328347, eldar.venes@digdir.no
Alette Kronberg, HR, kaja.alette.kronberg@digdir.no

Arbeidssted

Askedalen 4
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

Referansenr.: 5201372255
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026

Teknologier og programvare
Kontaktpersoner
Eldar Venes
Seniorrådgiver
Jørn Stenehjem
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter