Frå kode til samfunnsnytte – bli vår nye mobilapputviklar

Stilling
MobilApputvikler
Lokasjon
Leikanger
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
29. okt.
Søknadsfrist
23. nov.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Lyst å være ein del av vår satsing på MobilApp i produktteam som jobbar med framtidas digitale løysingar? 


Som utviklar i vår avdeling blir du med på å utvikle løysingar som ikkje tåler nedetid, handterer høg trafikk, og sjølvsagt har den sikkerheita som trengs. 
Vår topp moderne utviklingsplattform sørger for at produktteama har dei beste fasilitetane for å utvikle smidig og med stor fart. Vi definerer problem, finn løysing, kodar, et lunsj, tek ein kaffi og prodsetter – kvar dag ! 

Vi er allereie i gang med å utforske alt det nye som kjem med EU si eIDAS-lovgiving og EU-lommebok. Samtidig skal vi gjere våre løysingar som ID-Porten, Maskinporten, KRR, ELMA, Altinn-komponentane og eInnsyn endå betre. Vi er heilt sikre på at det blir spennande, krevjande, hektisk, lærerikt og utfordrande – akkurat slik vi likar det ! 

 Om du også likar det slik, kan noko og vil noko, så søk gjerne. 

 I denne runden er vi spesielt ute etter utviklarar som har erfaring med utvikling på Mobilplattform.  

Teknologi  
Vi utviklar og forvaltar våre eigne native mobilapper – som apputviklar får du ansvar for heile livssyklusen, frå idê og utvikling til produksjonssetting og vidareutvikling i tverrfaglege team. 

 Vi bruker moderne native teknologiar og skriv appane i Jetpack Compose og SwiftUI. 


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva di vil vere produktutvikling i tverrfagleg produktteam. Du vil saman med teamet ha det tekniske ansvaret for teamets produkt og kontinuerleg forbetring av desse over tid. Du bidrar til å bygge løysingar som betyr noko for mange andre og gir løpande verdiauke for samfunnet. 

Kvalifikasjonar

  • Du må ha høgare, relevant utdanning på høgskole-/universitetsnivå på minimum bachelornivå. Relevant arbeidserfaring kan erstatte manglande utdanning.  
  • Du må vere kvalitetsbevisst på koden du leverer, som for eksempel modellering, overvaking og testing. 
  • Arbeidsspråket er norsk, og du må derfor ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. 
  • Du må vere kjent med utvikling av native mobilappar, Android / iOS 
  • Stillinga krev at du må autoriserast for BEGRENSET definert i sikkerhetslova. 

 

Det er også ønskjeleg med 

  • Erfaring frå å jobbe i tverrfaglege team med kontinuerlege leveransar. 
  • Minimum 3 års erfaring som utviklar. 
  • Erfaring med drift av app i Google Play, App Store, Firebase, Testflight 

Denne stillinga er primært plassert på vårt kontor i Sogndal, men vi er open for at seniorutviklarar kan jobbe frå eit av våre andre kontor i Brønnøysund eller Oslo.   

Personlige egenskapar

Du blir ein del av eit lag ,og då samarbeider du godt med andre og set pris på kompetansedeling. Kontinuerleg evaluering og forbetring er viktig for oss, men også for deg sjølv og teamet ditt. 

Det er derfor viktig at du  

  • kan jobbe sjølvstendig og i team   
  • tek initiativ når du ser nye moglegheiter   
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert  
  • har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne  
  • ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk  

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman 
  • arbeidsoppgåver i eit fagfelt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag  
  • gode ordningar for opplæring og vidareutvikling  
  • familievennleg personalpolitikk  
  • lønn som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn kr 624 500 - kr 1 025 200. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn 
  • fleksitid, sommartid og moglegheit for to timar trening i veka innanfor arbeidstida  
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar Les meir om goda ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen. 

 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald  
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.  

Vil du vite meir?  
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne  

Seksjonssjef Jørn Stenehjem  
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no Telefon: 911 46 279 

Seniorrådgiver Eldar Venes 
E-post: eldar.venes@digdir.no Telefon: 913 28 347 

Vitnemål og attestar må følgje søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer på stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.  

Søkarlister kan bli offentleggjorde i samsvar med offentleglova § 25. Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført på den offentlege søkjarlista, må dette grunngjevast. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli oppført på lista. Du vil i så fall bli varsla.  


Sikkerheit i Digdir  
Digdir forvaltar samfunnskritisk infrastruktur. Sikkerheit er derfor integrert i rekrutteringsprosessane hos oss. I stillingar som blir vurdert som sikkerheitskritiske, må du rekne med å få spørsmål knytt til sikkerheitsmessig skikkaheit i rekrutteringsprosessen. Vi nyttar Semac til bakgrunnssjekk i samband med våre tilsetjingar.  

 

Kontaktinformasjon

Jørn Stenehjem, Seksjonsleiar, 91146279, jorn.stenehjem@digdir.no
Eldar Venes, Seniorrådgiver , 91328347, eldar.venes@digdir.no
Alette Kronberg, HR , kaja.alette.kronberg@digdir.no

Arbeidssted

Askedalen 4
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Digitaliseringsdirektoratet (Digdir)

Referansenr.: 5202392489
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2026

Teknologier og programvare
Kontaktpersoner
Eldar Venes
Seniorrådgiver
Jørn Stenehjem
Seksjonsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter