Sokneprest i Jæren prosti med Nærbø sokn som tenestestad

Stilling
Sokneprest i Jæren prosti med Nærbø sokn som tenestestad
Lokasjon
Varhaug
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
01. nov.
Få påminnelse
24 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du ein prest med Jesus-begeistring og ein evne til å formidla Guds ord for både barn, unge og vaksne? Kan du engasjera og disippelgjera medarbeidarar, samt jobbe godt i team? Velkommen som søkjar til ei prestestilling i ein gild stab med mange aktive frivillige!

Nærbø ligg i Hå kommune, som har mykje vakker natur og gode tilbod for små og store. Nærbø kyrkjelyd sin visjon er «Levande tru». Kyrkjelyden er prega av varierte gudstenester med godt oppmøte frå alle aldrar. Involvering, misjonal tenking og kyrkjelydsutvikling er viktige stikkord for oss i åra framover. 

Nærbø sokn har gudsteneste kvar sundag, på alle høgtidsdagane samt nyttårsaftan. Førre år vart det gjennomført 82 gudstenester i soknet. Det blir brukt nynorsk liturgi. Gudstenestene er varierte med m.a. temagudstenester og generasjonsgudstenester med stor bredde i form og innhald.  Mange av gudstenestene vert strauma på nett. Ulike aldersgrupper er representerte i gudstenestene. Snittframmøtet på gudstenestene er rundt 200. 

I 2025 var det 63 dåp og 94 konfirmantar i kyrkjelyden.  I Hå er det ca. 40 vigslar og rundt 170 gravferder i året.  Desse vert gjennomført i tenestevekene som er for heile fellesrådsområdet, saman med dei andre to sokneprestane i kommunen. Institusjonar i kommunen vert betjent saman med diakon. 

Mange frivillige er knytt til gudstenestearbeidet, diakoni, ungdomsarbeid og den kyrkjelege undervisninga. Frivillige tek aktivt del i planlegginga av gudstenester og andre arrangement. Kyrkjelyden har m.a. sundagsskule, baby og småbarnssong, tweensarbeid og ungdomsklubb. 

 I Nærbø kyrkjelyd er det tilsett  dagleg leiar, musikalsk leiar, kateket, kyrkjelydspedagog, trusopplærar og ungdomsarbeidar. Diakonen arbeider i alle tre sokna i Hå. 
Soknepresten har kontor i Nærbø kyrkje, og møter i stabsmøta saman med dei andre tilsette i Nærbø sokn. Dagleg leiar leier desse stabsmøta.  

«Noas ark – open barnehage» har tilhald i kyrkja og har ope tre dagar i veka. Her er det tilsett både styrar og assistent. Kyrkjelyden arbeider med utbygging av kyrkja.

Jæren prosti består av kommunane Klepp, Gjesdal, Time og Hå. Hå kommune og Hå kyrkjelege fellesrådsområde fell saman, og utgjer eit samarbeidsområde med tre sokn: Nærbø, Varhaug og Ogna.  

 

Arbeidsoppgaver

  • Utføre prestetenesta i samsvar med tenesteordninga for prester i Den norske kyrkje. 
  • Planleggja og gjennomføra gudstenester og kyrkjelege handlingar, og forkynne og undervise i samarbeid med stab og frivillige. 
  • Arbeida aktivt med kyrkjelydsbygging, visjon og strategi i samarbeid med sokneråd og stab. 
  • Bidra til å rekruttera, vegleia og inspirera frivillige medarbeidarar i samarbeid med sokneråd og stab. 
  • Ta del  i konfirmantarbeidet saman med kateket og ungdomsarbeidar. 
  • Ta del i kyrkjeleg undervisning og læring. 
  • Ta del i ulike råd og utval i kyrkjelyden. 

Kvalifikasjoner

  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / master i teologi med praktikum.  
  • Krav om å beherske norsk språk, jfr Forskrift om tilsetting av menighetsprest §6. 

Personlige egenskaper

Vi søker en prest som har evne og vilje til å: 

  • Leia kyrkjelyden saman med frivillige, tillitsvalte og tilsette. 
  • Vera ein tydeleg og engasjert forkynnar. 
  • Inspirere og motivere tilsette og frivillige. 
  • Ha gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å bygge nettverk i lokalsamfunnet. 
  • Møta menneske i ulike livssituasjonar og i alle aldrar. 

Vi tilbyr

  • Stillinga vert lønna som sokneprest etter gjeldande regler. 
  • Vanlege regulativmessige godtgjersler, samt skyss- og telefongodtgjersle etter gjeldande satsar. 
  • Pensjonsinnskot og medlemskap i KLP etter ordninga for prestar i Den norske kyrkje. 
  • Tilbod om arbeidsrettleiing (ABV). 

    Andre opplysninger
  • Tilsettinga vert gjort på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for prestar i Den norske kyrkja og den som blir tilsett må retta seg etter endringar i lover, tariffavtalar, reglement m.m., og dessutan avgjerder som kan influera på gjeremålet til tenesta, tenestestad og tenestedistrikt. Frå 1. januar 2027 vert tenestedistrikt endra til Jæren og Dalane prosti.
  • Målforma er nynorsk.
  • Den som vert tilsett bør ha førarkort og disponere bil.
  • Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Søknad om å få namnet unnateke frå offentleg søkjarliste nmå grunngjevast i søknaden. Behandlingsgrunnlaget etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
  • Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest (barneomsorgsattest) utan merknader.
  • Stavanger bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av etnisitet, alder, kjønnsidentitet, funksjonsevne eller legning. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Kontaktinformasjon

Lars Sigurd Tjelle, prost, 47451340, lt528@kirken.no
Astrid Apalset Vassbør, HR-sjef, 91198483, av467@kirken.no

Arbeidssted

Ånestadvegen 12
4360 Varhaug

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger bispedømmeråd

Referansenr.: 5189555727
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 01.11.2026

Kontaktpersoner
Astrid Apalset Vassbør
HR-sjef
Lars Sigurd Tjelle
prost
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter