To studentmedarbeidarar søkjast til IT-støtte
Dag og Tid er ei uavhengig nynorsk vekeavis i sterk digital utvikling.
Vi har dei siste åra bygd opp eigne digitale tenester, ny app, lydløysingar og fleire interne verktøy, samtidig som stadig meir av infrastrukturen vår ligg i sky.
No skal vi teste ein ny modell for IT-drift, og søkjer to studentmedarbeidarar som skal vere førstelinje for IT hos oss.
De blir ikkje ståande åleine. Bak dykk vil vi ha eit erfarent seniorlag innan IT, tryggleik og arkitektur som de kantil, lære av og samarbeide tett med.
Vi ser helst etter studentar innan IT, informatikk, cybertryggleik, datateknologi eller liknande, gjerne tidleg i masterløpet.
Om stillingaDette er først og fremst ei praktisk IT-stilling tett på medarbeidarane våre.
Ein dag hjelper du ein journalist med ein Mac som ikkje vil starte, ein skrivar som har stoppa eller ei innlogging som ikkje fungerer. Ein annan dag set du opp ein ny medarbeidar eller undersøker kvifor noko ikkje fungerer som det skal.
Målet er at Dag og Tid skal få rask hjelp i kvardagen, betre IT-rutinar og sterkare intern kompetanse.
Samtidig skal vi arbeide systematisk mot nivået som blir tilrådd i NSM sine grunnprinsipp for IKT-tryggleik.
Etter prosjektperioden evaluerer vi modellen og tek stilling til vidareføring.
Arbeidsoppgåver-
Dagleg IT-støtte for medarbeidarar: Mac/PC, skrivarar, møterom, nettverk, kontoar og programvare
-
Setje opp utstyr og tilgang for nye medarbeidarar og rydde når nokon sluttar
-
Registrere og følgje opp IT-saker, og når det trengst
-
Kartleggje system, brukarar, tilgangar og integrasjonar
-
Gjennomføre faste kontrollar mellom anna oppdateringar, backup og tilgangar
-
Bidra til gode rutinar for passord, deling og IT-tryggleik, og hjelpe kollegaer med å bruke systema trygt
-
Lage enkel dokumentasjon og brukarrettleiingar
-
Bidra i mindre automatiserings-, test- og utviklingsoppgåver når det passar
-
Vere med og evaluere og vidareutvikle den nye IT-modellen
Vi brukar mellom anna Google Workspace, Google Cloud, GitHub, Make.com, HubSpot, Labrador og Neo i tillegg til eigne digitale tenester og integrasjonar.
Kven vi ser etterDenne jobben krev ein litt uvanleg kombinasjon: Du må vere svært tolmodig og glad i å hjelpe menneske som ikkje jobbar med teknologi, samtidig som du er nysgjerrig, analytisk og interessert i å forstå korleis system heng saman.
Vi ser etter deg som:
-
møter kollegaer på ein roleg, vennleg og respektfull måte
-
er systematisk når noko ikkje fungerer
-
tek ansvar for det du kan løyse, men veit når du skal ta saka vidare
-
ønskjer å lære meir om IT-drift, tryggleik, skytenester og integrasjonar
-
kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske menneske
-
dokumenterer det du gjer og deler kunnskap
-
samarbeider godt og spelar andre gode
-
er trygg på å kommunisere på engelsk med seniorlaget vårt
De to skal jobbe tett saman og avlaste kvarandre.
Vi forventar ikkje at du kan alt frå før. Det viktigaste er at du lærer raskt, spør når du er usikker og tek ansvar for å finne gode svar.
Vi tilbyr-
Relevant deltidsjobb, fleksibelt tilpassa studium og eksamensperiodar
-
Konkurransedyktig timeløn
-
Mykje praktisk erfaring med IT-drift, brukarstøtte, tryggleik, sky og identitet
-
Fagleg støtte frå erfarne seniorar
-
Høve til å sjå korleis tekniske og organisatoriske IT-val blir gjorde i ei verkeleg verksemd
-
Ei sentral rolle i å byggje opp ein ny IT-modell frå starten
-
Eit lite miljø med korte vegar og stor variasjon i oppgåvene
-
Skikkeleg god lunsj
Skriv litt om deg sjølv, kva du studerer, kva slags tekniske problem du likar å løyse, og kvifor denne jobben verkar interessant.