Bygg vidare på ein etablert pasientportefølje i Sogndal
Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe fire dagar i veka. Oppstart er ønskt frå 1. mars 2027.
I Sogndal får du gode moglegheiter til å kombinere ein fagleg interessant klinikk-kvardag med eit aktivt liv utanfor jobb. Fjorden og fjella er tett på, med kort veg til ski, fjellturar og friluftsliv gjennom året.
Om klinikkenBehandlarteamet består i dag av fire tannlegar, to tannpleiarar og ein periodontist. Du får jobbe breitt med allmenn tannbehandling, hovudsakleg innan konserverande behandling, protetikk og endodonti.
Behandlarane har daglege faglege konsultasjonar og faste fagmøte, og bruker kvarandre aktivt til å diskutere pasientkasus og behandlingsalternativ. Det gir tilgang til ulike faglege perspektiv i den kliniske kvardagen og gode moglegheiter til å utvikle kompetansen din vidare.
Hos oss får du:- Ein etablert pasientportefølje frå oppstart og jamn tilgang på nye pasientar
- Eit behandlarteam med brei kompetanse og tett fagleg samarbeid
- Fast assistent som du samarbeider tett med i klinikkvardagen
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan fleire fagområde
- Fagleg påfyll gjennom Colosseum Academy
- Tilgang til Colosseums nasjonale fagnettverk
- Konkurransedyktige vilkår
- Ein arbeidsplass sertifisert som Great Place to Work
Vi ser gjerne at du har erfaring som tannlege, men er også opne for nyutdanna. For deg som er tidleg i karrieren, har klinikken erfarne behandlarar som kan gi fagleg støtte og rettleiing.
Du har ei genuin interesse for faget, samarbeider godt med andre og ønskjer å vere ein del av eit miljø der behandlarane deler kunnskap og bruker kompetansen til kvarandre.
Det er eit krav at du har norsk autorisasjon som tannlege og meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Kan Sogndal vere ditt neste steg?Vi vurderer søknader fortløpande.
For meir informasjon er du velkomen til å kontakte klinikkleiar Grete Helene Eikenæs på 414 47 090 eller grete.eikenaes@colosseum.no.