Helsefagarbeidarar/assistentar søkjast til helgestillingar 

Stilling
Helsefagarbeider/Assistent
Lokasjon
Byglandsfjord
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
16. okt.
Få påminnelse
16 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Fjordtunet er eit samlokalisert bufellesskap innan habilitering og psykiatri, med 13 faste tilsette som arbeider tverrfagleg for å sikre trygge, faglege og heilskaplege tenester.

Bufellesskapet består av to bueiningar knytte til fellesareal og fem sjølvstendige bueiningar, med i dag seks bebuarar med samansette behov og varierande bistandsbehov i kvardagen. Tenestene er individuelt tilpassa og byggjer på målretta miljøarbeid, relasjonsarbeid og tett oppfølging. Fjordtunet legg vekt på brukarmedverknad, føreseielegheit og kvalitet i tenesteytinga, og arbeider i nært samarbeid med pårørande, fastlege og andre samarbeidspartnarar innan helse- og omsorgstenesta.

Vi søkjer to faste tilsette til to helgestillingar på 16,32 % kvar.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar som ikkje blir tilsette, kan dei få tilbod om avtale som tilkallingsvikar


Arbeidsoppgaver

Hjelpe til med personleg hygiene, ernæring og reinhald av bustad.
Bistand til daglege gjeremål (ADL).
Planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av aktivitetar og tiltak etter vedtak.
Målretta miljøarbeid.
Dokumentasjon i journalsystem.
Legemiddelhandtering (etter delegasjon).
Samarbeid med pårørande, verjer, fastlege, spesialisthelsetenesta og andre relevante tenester.
Førebygging og handtering av utfordrande åtferd.
Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta.

Kvalifikasjoner

Fagbrev innan helse- og sosialfag eller annan relevant kompetanse.
Erfaring med arbeid med menneske med psykiske lidingar kan kompensere for utdanning etter ei konkret vurdering.
Digital kompetanse.
Norskferdigheiter, både skriftleg og munnleg.
Gyldig politiattest.
Førarkort klasse B.

Det er ein fordel med erfaring innan habilitering, psykiatri- og rusarbeid eller liknande arbeid.

Personlige egenskaper

Brukarfokus.
Gode evner til kommunikasjon og til å skape ein god arena for samarbeid.
Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta.
Like utfordringar og vere i stand til å handtere uventa situasjonar.

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariff.
Meiningsfullt arbeid med faglege utfordringar.
Gode personforsikringar og tenestepensjon i KLP.

Kontaktinformasjon

Anna Nawrotzka, Avdelingsleiar helse og livsmeistring, +4748021159, anna.nawrotzka@bygland.kommune.no

Arbeidssted


4741 Byglandsfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5185774481
Stillingsprosent: 16,32%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 16.10.2026

Kontaktpersoner
Anna Nawrotzka
Avdelingsleiar helse og livsmeistring
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter