Vi søkjer overlege til eit sterkt fagfellesskap

Stilling
Overlege
Lokasjon
Haugesund
Antall posisjoner
1
Sektor
Ikke oppgitt
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
29. nov.
Få påminnelse
12 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bidra til å utvikle framtidas barne- og ungdomspsykiatri? 🌱 Hos oss får du som overlege høve til å gjere ein reell forskjell for barn og unge… og du får med eit inkluderande arbeidsmiljø på kjøpet.

BUP Haugesund gir spesialisthelsetenester til barn og unge frå 0–18 år og består av to poliklinikkar og ein døgnpost. Poliklinikkane dekkjer ti kommunar i regionen, medan døgnposten har heile Helse Fonna som opptaksområde. BUP Haugesund har akuttfunksjon og vaktteneste døgnet rundt med for- og bakvaktslegar. Avdelinga er òg godkjend som utdanningsinstitusjon innan barne- og ungdomspsykiatri. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/ 

Vi legg stor vekt på at du skal bli tatt godt vare på, både som fagperson og kollega. Vi har om lag 56 behandlarstillingar, inkludert 8 overlegestillingar og 7 stillingar for legar i spesialisering. Du blir del av eit stort og mangfaldig fagmiljø med pedagogar, psykologar, sjukepleiarar, sekretærar, erfaringskonsulent og fleire andre yrkesgrupper. Vi er stolte av å vere ein arbeidsplass med høg kompetanse, stort engasjement og god lagkjensle.

Er du spesialisten som kombinerer fagleg kompetanse med varme og nysgjerrigheit? Då passar du hos oss.

👉 Søk no for å bli med på laget! 

Ønskjer du meir informasjon? Vi svarar gjerne på telefon eller e‑post. 


Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av barn og ungdom frå 0 til 18 år (pasientforløp).
  • Kontakt med og rettleiing av foreldre og instansar rundt barn og unge.
  • Deltaking i bakvaktordning for legar.
  • Rettleiing av LIS, undervisningsoppdrag, rettleiing av studentar og anna helsepersonell.
  • Vere ansvarleg spesialist for ikkje-spesialistar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Dokumentert norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning innan barne- og ungdomspsykiatri.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 
  • Erfaring med relevante IKT-system er ønskeleg, særleg DIPS, Meona og Microsoft 365.
  • Erfaring med vedtaksarbeid.
  • Det er ein fordel om du har erfaring frå arbeid i BUP.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • Er pasientorientert og engasjert.
  • Er god til å samarbeide og til å dele kunnskap med andre.
  • Er strukturert, og trivst med å arbeide sjølvstendig og i høgt tempo.
  • Er god til å tenkje nytt, finne løysingar og omstille deg raskt når det trengst.
  • Har god gjennomføringsevne og tek ansvar.

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Eit godt fagmiljø med fokus på fag og kvalitetsforbetring.
  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Regelmessig internundervisning.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Sosiale aktivitetar som felleslunsj.

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden

Kontaktinformasjon

Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732800
Marit Elisabeth Ness, Funksjonsleiar/Psykologspesialist, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850, lene.elisabeth.nordtveit@helse-fonna.no
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, 52732850, gabrielle.leah.dickson@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5204088424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026

Kontaktpersoner
Marit Elisabeth Ness
Funksjonsleiar/Psykologspesialist
Georg Walter Reinhardt
Avdelingsleiar
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter