Lærar - 100 % midlertidig stilling

Stilling
Lærer
Lokasjon
Bryggja
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Vikariat
Publisert
I dag
Søknadsfrist
09. okt.
Få påminnelse
10 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vi søkjer ein engasjert og trygg lærar som ønskjer å bli ein del av vårt inkluderande skulemiljø. Denne stillinga er tiltenkt barnetrinnet, 1-4 klasse. Kontaktlæraransvar kan vere aktuelt.

Bryggja skule AS er ein privatskule som ligg sentralt i Nordfjord. Bryggja skule AS har dette skuleåret 37 elevar fordelt på 1-7 trinn. Det nære skulemiljøet gjer at vi kjenner elevane våre godt. Vi er opptatt av at alle elevar skal oppleve tilhørighet, meistring og glede i skulekvardagen. Som lærar ved Bryggja skule AS, får du mogelegheit til å bli godt kjent med både elevar, foresatte og kollegaer. Du blir ein viktig del av skulen sitt faglege og sosiale felleskap.

Vi ser gjerne at du har erfaring frå barnetrinnet og interesse for fleire fagområder. På ein liten skule er det viktig å samarbeide på tvers av trinn og fag, og vi set pris på medarbeidarar som ser mogelegheiter og bidreg der det trengs.

Vi søkjer deg som:

  • Er ein trygg og tydeleg klasseleiar.

  • Byggjer gode relasjonar til elevar og foresatte.

  • Har eit inkluderande elevsyn.

  • Er fleksibel og løysingsorientert.

  • Skaper motivasjon, meistring og lærelyst.

  • Har gode digitale ferdigheter.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge og gjennomføre undervisning i tråd med læreplanverket.

  • Følgje opp elevar si faglege og sosiale utvikling.

  • Bidra til eit trygt og godt skulemiljø.

  • Samarbeide med kollegaer, foresatte og andre samarbeidspartnerar.

  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning som kvalifiserar til undervisning på barnetrinnet.

  • Relevant undervisningskompetanse.

  • Gode norskkunnskapar, både muntleg og skriftleg.

  • Erfaring frå grunnskule er ønskjeleg.

  • Gyldig politiattest må leggast fram før tilsetjing.

Personleg egnethet vil bli vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag.

  • Eit tett og godt samarbeid mellom tilsette.

  • Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø.

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.

Om stillinga:

Stillingsprosent: 100 %

Tilsettingsform: Midlertidig stilling.

Stillingsperiode: 01.01.27 - 31.06.28.

Arbeidsstad: Bryggja

Søknadsfrist: 14.10.26.

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, respekt og inkludering, og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter