KI-teknolog
Om stillinga
Vil du jobbe med teknologi som har betydning for heile Noreg? Vi søker ein KI-teknolog som vil utvikle løysingar som forenklar for næringslivet, effektiviserer arbeidsprosessar og bidrar til å førebygge økonomisk kriminalitet.
Du får kombinere praktisk utvikling med å påverke teknologiske val og korleis vi tar i bruk KI. Vi jobbar med maskinlæring og generativ KI, og styrker nå arbeidet med å utvikle og ta i bruk agentiske løysingar. Vi har tatt i bruk ei eiga data- og analyseplattform og ho skal vidareutviklast som grunnlag for arbeidet. Vi legg vekt på at løysingane ivaretar personvern, sikkerheit og ansvarleg bruk av teknologien.
Du vil samarbeide tett med kollegaer innan KI, dataanalyse, utvikling, forretningsutvikling, juss og sikkerheit. Du vil også representere oss, og dele erfaringar, i interne og eksterne forum. I IT-avdelinga blir du del av eit fagmiljø med over 130 dyktige kollegaer.
Arbeidsdagen din hos oss
Hos oss får du utforske nye idear, prøve ut teknologi og utvikle løysingar saman med kollegaer på tvers av fagområde. Vi deler erfaringar og lærer av kvarandre. Du får særleg bidra til å utvikle og ta i bruk agentiske KI-løysingar som gir nytte i praksis, på ein trygg og ansvarleg måte.
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene dine er å
- utvikle, teste, ta i bruk og vidareutvikle agentiske KI-løysingar
- integrere KI med system, data og arbeidsprosessar hos oss
- utforske og vurdere ny teknologi ut frå konkrete behov
- koordinere arbeidet mellom eige team og andre fagmiljø, og aktivt følge opp avklaringar og leveransar for å drive løysingar frå idé til praktisk bruk
- planlegge og koordinere eigne oppgåver og leveransar og dokumentere arbeidet
- bidra med administrative oppgåver i teamet
- dele kunnskap og inkludere heile verksemda gjennom aktivitetar
- bidra til at løysingane er pålitelege og ivaretar sikkerheit, juss og personvern
Kvalifikasjonar
Du må ha
- bachelor- eller mastergrad innan IT eller andre relevante fagområde. Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.
- programmeringskompetanse, opparbeidd gjennom utdanning, arbeid eller eigne prosjekt
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Du må kunne autoriserast for AVGRENSA etter sikkerheitslova. Er du utanlandsk statsborgar, skal autorisasjonsansvarleg hos oss vurdere om tilknytinga di til heimlandet og heimlandet si sikkerheitsmessige betydning utgjer ein risiko knytt til stillinga. I nokre tilfelle må det hentast inn samtykke frå Sivil klareringsmyndigheit.
Det er også positivt om du har erfaring med:
- utvikling av løysingar med generativ KI, særleg KI-agentar
- utvikling av KI-agentar og tilrettelegging av verktøy, kontekst og arbeidsflyt for agentane, inkludert MCP, agentinstruksjonar, underagentar, kommandolinje, skript og MLOpsrelevant arbeid frå utviklings- eller teknologimiljø
- utvikling via PaaS-løysingar slik som Google Cloud Plattform, Red Hat OpenShift, eller liknande
- integrasjon mellom KI, data og andre system og applikasjonar
- testing, evaluering og oppfølging av KI-løysingar i produksjon
- strategisk planlegging, vurdere teknologiske alternativ og anbefale løysingar
Personlege eigenskapar
Du samarbeider godt med andre og ser samanhengen mellom system, integrasjonar og arbeidsprosessar. Du er nysgjerrig på teknologi, liker å halde deg fagleg oppdatert og deler gjerne kunnskapen din med andre.
Du tar ansvar og initiativ, og jobbar sjølvstendig og strukturert. Hos oss vil du trivast, dersom du set pris på humor og eit arbeidsmiljø med stor takhøgde.
Dette får du hos oss
- fast stilling løna som rådgivar med årsløn frå kr 580 000 - 750 000, eller som seniorrådgivar med årsløn frå kr 700 000 - 950 000, avhengig av kvalifikasjonane dine. Om du er spesielt godt kvalifisert, kan vi vurdere høgare løn.
- interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
- eit godt arbeidsmiljø med uformell tone der me alle er på hels
- gode moglegheiter for fagleg utvikling og ei raus stipendordning
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- gode velferdsordningar i alle livsfasar og moglegheit for trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens pensjonskasse som har ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- moderne kontorlokale med fantastisk utsikt over Helgelandskysten. Les meir om vår flotte arbeidsplass og byen vi bor i.
Vi kan hjelpe til med å skaffe bustad, og flyttekostnadar kan bli dekte etter nærmare avtale. Ved flytting til Brønnøysund kan husleige bli dekt med inntil 10 000 kroner dei første 6 månadane etter oppstart av arbeidsforholdet. Dette er skattepliktig inntekt.
Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb i Brønnøysund, kan vi formidle kontakt med dei.
Inkludering og mangfald er viktig for oss
Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Har du hol i CV-en, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Korleis er det å jobbe hos oss sånn eigentleg?
Vi vil du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hos oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvend referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmåla du måtte ønske for å finne betre ut om vi er ein god match.
Bu i Brønnøysund
Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.
Har du studielån og bur i Brønnøy kommune kan du få nedskrive lånet kvart år til det er nedbetalt. Les meir om ny ordning for nedskriving av studielån på regjereringen.no
Verd å merke seg før du søker
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din.
For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.