Midlertidig stilling som gruppeleiar  

Stilling
Gruppeleiar
Lokasjon
Brønnøysund
Antall posisjoner
1
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Fulltid, Engasjement
Publisert
I dag
Søknadsfrist
30. nov.
Få påminnelse
21 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Om stillinga

Seksjon registerdrift har ansvar for saksbehandling og kontroll og brukarrettleiing for dei 17 registera Brønnøysundregistera forvaltar. Seksjonen består av om lag 160 medarbeidarar.

Nå søker vi ein tydeleg, profesjonell og utviklingsorientert gruppeleiar som trivst med å leie menneske og skape resultat saman med andre. Vi ser etter deg som ønsker å bidra til at medarbeidarane opplever tillit, ansvar og handlingsrom, samtidig som du sikrar god struktur, tydelege prioriteringar og framdrift.

Registerdrift er i kontinuerleg utvikling. Derfor ønsker vi også ein leiar som er nysgjerrig på nye arbeidsformer og moglegheitene som ligg i kunstig intelligens og annan teknologi, og som blir motivert av å utvikle både medarbeidarar og måten vi løyser oppgåvene våre på.

Stillinga er eit midlertidig engasjement i to år.


Arbeidsoppgåver

Som gruppeleiar vil du blant anna:

  • leie, følge opp og utvikle medarbeidarar
  • følge opp den daglege drifta og bidra til gode prioriteringar og effektiv ressursbruk
  • bidra til utvikling og forbetring av arbeidsprosessar og måten vi løyser oppgåvene våre på
  • utforske moglegheitene som ligg i bruk av KI, digitale løysingar og ny teknologi

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • utdanning på bachelor- eller masternivå, gjerne innan økonomiske, administrative eller leiingsfag 
  • leiarerfaring, gjerne med personalansvar
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk

Det er ein fordel om du har:

  • erfaring med endringsleiing
  • erfaring frå offentleg forvaltning
  • erfaring med forbetring og utvikling av arbeidsprosessar
  • interesse for korleis KI, digitalisering og ny teknologi kan bidra til betre og meir effektive arbeidsprosessar

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er strukturert og analytisk, og klarer å sjå samanhengar og prioritere
  • er tydeleg og trygg i leiarrolla og skaper retning og framdrift
  • inspirerer og utviklar medarbeidarane dine og bidrar til at dei lykkast
  • følger opp medarbeidarane og gir tydelege og konstruktive tilbakemeldingar
  • er interessert i moglegheitene kunstig intelligens og ny teknologi gir, og klarer å sjå korleis dette kan omsetast til praktiske forbetringar

Personleg dugleik vil bli tillagd vekt.


Dette får du hos oss

  • midlertidig stilling som  kontorsjef med årsløn frå kr 725 000 - 850 000, avhengig av kvalifikasjonane dine.  
  • interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
  • eit godt arbeidsmiljø med uformell tone der me alle er på hels
  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og ei raus stipendordning 
  • fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
  • gode velferdsordningar i alle livsfasar og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som har ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • moderne kontorlokale med fantastisk utsikt over Helgelandskysten. Les meir om vår flotte arbeidsplass og byen vi bor i.
  • hjelp til å skaffe bustad

Vi har eit rekrutteringssamarbeid med Brønnøy kommune og Digitaliseringsdirektoratet. Har du ein partnar som har behov for jobb i Brønnøysund, kan vi formidle kontakt med dei.


Inkludering og mangfald er viktig for oss

Vi ønsker å vere ein inkluderande arbeidsplass, der vi speglar mangfaldet i befolkninga. Vi treng medarbeidarar med ulik erfaring, bakgrunn, kompetanse og kvalifikasjonar for å løyse samfunnsoppdraget vårt. 

Har du hol i CV-en, nedsett funksjonsevne eller innvandrarbakgrunn oppfordrar vi deg til å krysse av for det når du søker stilling hos oss. Vi kallar inn minst ein kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.  


Bu i Brønnøysund

Brønnøysund er ein triveleg liten kystby sør på Helgeland. Vi har korte avstandar til det meste og masse vêr – uansett årstid! Er du glad i naturopplevingar har vi eit utal moglegheiter. Moglegheitene er mange også for deg som heller føretrekk ein tur på kafe eller restaurant, er opptatt av kultur eller ulike treningsmoglegheiter innandørs.

Har du studielån og bur i Brønnøy kommune kan du få nedskrive lånet kvart år til det er nedbetalt. Les meir om ny ordning for nedskriving av studielån på regjeringen.no  


Verd å merke seg før du søker

Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Ønsker du å bli unntatt frå den offentlege søkarlista, må du grunngi kvifor. Vi tar kontakt med deg dersom vi ikkje tar ønsket ditt til følgje, og du får moglegheit til å trekke søknaden din. 

For å bli vurdert som søkar, må du legge ved relevante attestar og vitnemål. Vitnemål frå utdanning tatt i Noreg lastar du opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT. 


Kontaktpersoner
Karianne O. Warholm
seksjonsleder
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter