Er du optikar? Vi er opne for ulike stillingsprosentar

Stilling
Optiker / Optikar
Lokasjon
Førde
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
17. nov.
Få påminnelse
41 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Vil du bli ein del av eit entusiastisk og fagleg sterkt team -- med spennande teknologiske nyvinningar og gode moglegheiter for utvikling? Vi søkjer ein dyktig og engasjert optikar som vil vere med på å gi kundane våre den beste synsopplevinga. Vi er opne for både heiltid og deltid, og ønskjer gjerne ein dialog om kva stillingsprosent som passar best for deg og di livssituasjon.

Om oss

Teamet består av sju erfarne salsmedarbeidarar med høg kompetanse innan optikk. Fleire assisterer teleoptikar under timane, og ein av våre tilsette er under utdanning som optometrimedhjelpar -- noko som gir gode moglegheiter for fagleg sparring og deling av kunnskap.

Vi er ofte pilotbutikk for ny optisk teknologi og får høve til å teste ut moderne utstyr før mange andre -- Hos oss er det forventa at du som optikar òg gjennomfører teletimar.

Vi tilbyr
  • Eit solid fagmiljø med mykje erfaringsdeling

  • Moglegheit til å ta eigarskap til fagleg utvikling og rettleiing av kollegaer

  • Moderne utstyr og oppdaterte arbeidsverktøy

  • Eit sterkt nasjonalt nettverk i Brilleland-familien

  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø

Fagleg utvikling

Fleksibilitet, fagleg påfyll og rom for å vekse -- enten du vil fordjupe deg i faget, bygge karriere eller gjere kundemøta litt betre kvar dag. Vi tilbyr minst tre heile dagar med fagkurs kvart år, tilgang til internasjonalt optikarnettverk og mentorordning for nyutdanna.

Klar for nye moglegheiter?

Tusen takk for at du vurderer å bli ein del av Brilleland! Vi behandlar søknader fortløpande og rår deg til å søkje så snart du kjenner at dette treff. Kanskje er det nettopp deg vi snart ønskjer velkomen -- vi sjåast!

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter