Lærar
Vil du vere med å opne dører til arbeid, utdanning og deltaking i samfunnet?
Vi søkjer etter lærar til vaksenopplæringa, der undervisninga er knytt til norsk og samfunnskunnskap for vaksne deltakarar i Svelgen og Kalvåg. Stillinga er eit vikariat frå 01.12.26 - 20.09.27
Som lærar hos oss får du ei viktig rolle i å hjelpe menneske med ulik bakgrunn til å utvikle språkferdigheiter, forstå samfunnet dei lever i og skape nye moglegheiter for seg sjølve og familiane sine. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø som arbeider for at alle skal få dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen og delta aktivt i arbeids- og samfunnsliv.
Arbeidsoppgåver
- Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
- Sørge for at barn og unge opplev ein meningsfull kvardag, gjennom å sjå kvart enkelt barn
- Inkludere barn og unge i planlegging av kvardagsaktivitetar, og skape eit sosialt fellesskap
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning eller anna relevant høgare utdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du også har: - Kompetanse i norsk som andrespråk
- Kjennskap til læreplanar og regelverk innan vaksenopplæring
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer oss ein lærar som er fagleg trygg, relasjonssterk og som ser verdien av mangfald.
Vi legg vekt på at du:
- Er ein tydeleg og trygg klasseleiar
- Har gode samarbeidsevner
- Er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- Evnar å motivere og sjå den enkelte deltakar
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
- Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
- Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
- Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.
Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/
I tillegg får du:
- Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
- Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
- Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, +47 97167462Arbeidsstad
Postboks 1046721 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5200893598
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.12.2026
Sluttdato: 17.09.2027
Søknadsfrist: 24.11.2026