Restaurant Manager, Brakanes Hotel

Stilling
Restaurant Manager
Lokasjon
Ulvik
Antall posisjoner
1
Sektor
Privat
Type ansettelse
Fulltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
06. nov.
Få påminnelse
9 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post
Brakanes Hotel søkjer ein engasjert og framtidsretta restaurantsjef til Restaurant Draumen i vakre Ulvik.

Brenn du for gode smakar, ekte vertskap og minneverdige gjesteopplevingar? Har du eit hjarte for menneske, mat og drikke -- og lyst til å setja ditt eige preg på ein restaurant med store ambisjonar? Då kan dette vera draumejobben din!

På Brakanes Hotel, med Hardangerfjorden som næraste nabo og nokre av Noregs flottaste råvarer rett utanfor døra, får du ei unik moglegheit til å kombinera leiarskap, kreativitet og lidenskap for restaurantfaget. Ei leiarrolle med smak av Hardanger

Som restaurantsjef for Restaurant Draumen får du ansvaret for den daglege drifta, samtidig som du blir ein sentral pådrivar i den vidare utviklinga av restauranten og mat- og drikkeopplevingane våre.

Me ser etter deg som ser moglegheiter i både dei små detaljane og dei store visjonane. Som forstår at ei ekstra god gjesteoppleving kan starta med ein hyggeleg prat over frukostkaffien, ei personleg anbefaling av lokal sider eller ei matoppleving som fortel historia om Hardanger.

Kanskje finn du inspirasjon på ein tur i skogen på jakt etter ramslauk? Kanskje brenn du for å vidareutvikla siderkonseptet vårt og løfta lokale smakar fram i lyset? Eller kanskje er noko av det mest givande du veit å sjå ein medarbeidar veksa, meistra og blomstra i rolla si?

Hos oss handlar restaurantdrift om meir enn god mat og drikke. Det handlar om menneske, stoltheit, handverk og opplevingar som blir hugsa. Kven er du?

Me ser etter ein trygg, engasjert og inspirerande leiar som ønskjer å utvikla både menneske og restaurantopplevingar.

Me trur du vil trivast hos oss dersom du:

  • Har tilknyting til Hardanger, eller drøymer om å skapa deg eit liv her.

  • Har erfaring frå hotell- og restaurantbransjen, eller annan relevant bakgrunn.

  • Har leiarerfaring og/eller relevant utdanning.

  • Har eit skarpt blikk for detaljane som skapar dei verkeleg gode gjesteopplevingane.

  • Verdset godt handverk, lokale råvarer og kvalitet i alle ledd.

  • Har kunnskap om sider og/eller vin, og eit sterkt ønskje om å utvikla kompetansen din vidare.

  • Er ein inkluderande og tydeleg leiar som bryr seg om menneska rundt deg.

  • Motiverast av å byggja lag, utvikla talent og skapa ein kultur der alle ønskjer å bli litt betre kvar dag.

  • Kommuniserer godt på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Fleire språk er ein fordel.

Det viktigaste for oss er ikkje at du kan alt frå før, men at du har engasjementet, drivkrafta og evna til å få både menneske og opplevingar til å blomstra. Kva kan me tilby deg?

Ein arbeidsplass utanom det vanlege -- og ei rolle der du verkeleg kan gjera ein forskjell.

Hos oss får du:

  • Stor påverknad: Ei sentral rolle i leiarteamet, med reell moglegheit til å forma og vidareutvikla Restaurant Draumen.

  • Eit levande fagmiljø: Som ein del av Fjordtind Hotels blir du éin av tre restaurantsjefar, med gode moglegheiter for samarbeid, erfaringsutveksling og fagleg utvikling.

  • Ein variert og spennande arbeidskvardag: Høgt tempo, nye moglegheiter og rom for å tenkja kreativt.

  • Naturen som næraste nabo: Fjord, fjell, frukthagar og fantastiske naturopplevingar -- året rundt.

  • Hjelp til å finna bustad: Me ønskjer å gjera det enklare for deg som vil flytta til vakre Ulvik.

  • Gode vilkår: Konkurransedyktige vilkår for den rette kandidaten.

Bli med og skap Draumen!

Me har tru på at dei beste restaurantopplevingane blir skapte av menneske som brenn for det dei gjer. Menneske som ser gjestene, løftar kollegaene sine og aldri sluttar å vera nysgjerrige.

På Restaurant Draumen får du ikkje berre leia ein restaurant. Du får vera med på å utvikla ein destinasjon for gode smakar, ekte vertskap og unike opplevingar frå Hardanger.

Er du klar for å setja ditt preg på Draumen?

Me gler oss til å høyra frå deg!

Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter