Me søkjer miljøterapeutar til medleverturnus – er du ein av dei?
Habiliteringstenesta i Bømlo kommune gir tilbod til personar med utviklingshemming som har behov for heildøgnstenester.
Avdelinga Askebærhaugen/Haugen søkjer to engasjerte miljøterapeutar til medleverturnus.
Hos oss får du høve til å vere tett på kvardagen til tenestemottakarane og bidra til føreseielege rammer som skapar tryggleik, meistring og utvikling. Me ser etter deg som er fagleg engasjert, trygg i møte med menneske og som ønskjer å bidra til målretta og fagleg gode tenester. Det vil verta oppstart etter avtale.
Turnus:
2 døgn på, 7 døgn fri
2 døgn på, 7 døgn fri
3 døgn på, 7 døgn fri
Arbeid kvar 4. helg
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og rettleiing i daglege gjeremål og tilrettelegging for god omsorg og utvikling for tenestemottakarane.
- Ansvar for kartlegging, tiltaksplanar, vedtak og dokumentasjon i Profil, samt medikamenthandtering.
- Oppfølging og rettleiing i tråd med gjeldande lovverk.
- Rettleia miljøarbeidarar og delta i planlegging og gjennomføring av fagmøte.
- Samarbeida internt i tenesta og med aktuelle instansar, verje og pårørande.
- Utføra delegerte oppgåver frå avdelingsleiaren.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar. Vernepleiarstudentar som går tredje studieår, blir oppmoda om å søkje.
- Relevant helse-, sosial- eller pedagogisk bachelorutdanning kan også bli vurdert. Erfaring frå brukargruppa og kompetanse innan åtferd som utfordrar vil bli vektlagt.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Førarkort klasse B.
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- Erfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming og autisme.
- Erfaring med førebygging og handtering av åtferd som utfordrar.
- Arbeidserfaring med systematisk og målretta miljøarbeid samt habilitering.
- Kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap. 9 og Pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.
- Erfaring og kompetanse i handtering av digitale system.
- Har fysiske føresetnader for å utføra arbeidsoppgåvene i stillinga på ein trygg og forsvarleg måte.
Personlege eigenskapar
- Du er imøtekomande og venleg med evne til å byggja gode relasjonar.
- Arbeider sjølvstendig, samarbeider godt med andre og bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø.
- Løysingsorientert og uredd når krevjande situasjonar oppstår.
- Likar ein variert arbeidskvardag.
Ved vurdering av søkjarar legg me vekt på utdanning, erfaring, personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
Andre opplysingar:
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5-4.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar Sandra Thorsheim.
Kontaktinformasjon
Sandra Hastrup Thorsheim, Avdelingsleiar, 459 70 897, thorsheim@bomlo.kommune.noArbeidsstad
Kyrkjevegen 15430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5208993301
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2026