Fast stilling som miljøterapeut

Stilling
Miljøterapeut
Lokasjon
Bremnes
Antall posisjoner
2
Sektor
Offentlig
Type ansettelse
Deltid, Fast
Publisert
I dag
Søknadsfrist
10. des.
Få påminnelse
13 dager igjen
Ved å be om påminnelse vil du motta en beskjed før søknadsfristen og annen viktig informasjon om stillingen.
Ditt navn
E-post

Er du vernepleiar eller sjukepleiar? Ønskjer du å bidra til at menneske som får tenester i eigen heim, opplever tryggleik, meistring og sjølvbestemming?
Då vil me gjerne ha deg med på laget!

Habiliteringstenesta har 2 x 90 % ledige stiliingar som vernepleiar/sjukepleiar, ei stilling i ordinær turnus med lange vakter tredje kvar helg og ei stilling i langvaktsturnus med arbeid kvar tredje helg. Det kan bli aktuelt å auka stillingsprosenten på sikt.

Habiliteringstenesta gir tilbod til personar med utviklingshemming og omfattande hjelpebehov. Me har for tida ca 128 årsverk som yt heildøgns tenester i 10 burettslag og dagtilbod. Hos oss blir du ein del av eit utviklingsorientert team som jobbar for å skape gode liv og tenester gjennom tryggleik, omsorg og fagleg kvalitet. 


Arbeidsoppgåver

  • Kartleggja behov og utarbeida tiltaksplanar, vedtak og dokumentasjon.
  • Følgja opp journalføring og medikanmenthandtering.
  • Samarbeid med avdelingsleiar om dagleg drift, tenesteutvikling og delegerte oppgåver.
  • Oppfølging og rettleiing i tråd med gjeldande lovverk, mellom anna helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 og pasient- og brukarrettslova kapittel 4.
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar, pårørande og verje.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunna påreknast.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert vernepleiar eller sjukepleiar. Tredjeårsstudentar i vernepleie og sjukepleie blir oppmoda om å søkja.
  • Relevant bachelorgrad innan helse-, sosial- eller pedagogikk kan òg bli vurdert.
  • Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid, særleg pleie, demens, aldring og arbeid med menneske med funksjonsvariasjonar.
  • Fysiske føresetnader for å utføra arbeidsoppgåvene trygt og forsvarleg.
  • Norskferdigheiter på minimum nivå B2, munnleg og skriftleg. Kravet gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk morsmål.
  • Førarkort klasse B.

Det er ønskjeleg at du har:

  • Kompetanse i digitale fag- og planleggingssystem som t.d. Profil og Visma Ressursstyring. 
  • Erfaring frå målretta miljøarbeid og habilitering .
  • Kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kap. 9, samt pasient- og brukerrettighetslova kap. 4.

Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5-4 og § 5-4 a.

Personlege eigenskapar

  • Du er imøtekomande, omgjengeleg og serviceinnstilt.
  • Du er sjølvstendig, men arbeider òg godt i team.
  • Du er uredd og kan stå i krevjande situasjonar over tid.
  • Du trivst med variert arbeid, er løysingsorientert i møte med uventa hendingar.
  • Du bidrar til å skapa eit godt arbeidsmiljø.

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.

Andre opplysningar:

  • Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn. For denne stillinga oppmodar me spesielt menn til å søkja.
  • Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.

Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.

Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med avdelingsleiar.

 

Kontaktinformasjon

Line Skrede Habbestad, Avdelingsleiar Varhaug, 948 10 927, line.skrede.habbestad@bomlo.kommune.no
Line Hovland Stavland, Avdelingsleiar Raunevarden, 482 76 521, line.hovland@bomlo.kommune.no

Arbeidsstad

Leirdalen 1
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5211800647
Stillingsprosent: 90%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2026

Teknologier og programvare
Kontaktpersoner
Line Hovland Stavland
Avdelingsleiar Raunevarden
Line Skrede Habbestad
Avdelingsleiar Varhaug
Drømmejobben din venter. Vi vet hvor den er.
Lag en profil og få personlige jobbforslag.
Relaterte bedrifter