Lærar
Meling skule har ledige undervisningsvikariat frå 4. januar 2027.
Me søkjer deg som vil vera ein del av eit inkluderande fellesskap der me arbeider saman for at elevane skal oppleva respekt, tillit og tydelege forventningar i eit trygt og motiverande læringsmiljø. Det er i hovudsak behov for kortare vikariat og vikariat på inntil eit halvt år, i både heile og reduserte stillingar fram til sommarferien.
Meling skule er ein barneskule for 1.–7. trinn med 198 flotte elevar og 36 engasjerte tilsette. Skulen ligg fint til i bygda Meling og har gode klasserom, arbeidsrom og personalfasilitetar, eigen SFO-base og eit stort uteområde. Deler av skulen er oppussa og i skulegarden har me òg ein nyare paviljong med to store og moderne klasserom.
Med kort veg til turløyper og natur har me gode føresetnader for fysisk aktiv læring og uteskule, noko me legg stor vekt på i skulekvardagen.
Arbeidsoppgåver
- Lærarvikar: Undervisning i ulike fag på alle trinn i barneskulen
- Kontaktlærar/faglærar/spesialpedagog
- Følgja opp elevane si faglege og sosiale utvikling
- Skapa eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- Tilpassa opplæringa til elevane sine føresetnader og behov
- Samarbeida med kollegaer, leiinga, føresette og aktuelle hjelpetenester
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga:
matematikk, norsk, engelsk samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk - Erfaring frå undervisning eller anna arbeid med barn er ein fordel
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
- Personar som ikkje fyller kompetansekrava kan òg vere aktuelle som vikarar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Personlege eigenskapar
- God klasseleiar- og relasjonskompetanse
- Utviklingsorientert og samarbeidsvillig
- Fleksibel og kan tilpassa deg endringar i skulekvardagen
- Bidra til eit godt profesjonsfellesskap og arbeidsmiljø
- Arbeider sjølvstendig, strukturert og ansvarsfullt
- Ein trygg og tydeleg vaksen med eit inkluderande elevsyn
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder
Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Katrine Hausberg.
Kontaktinformasjon
Katrine Hausberg, Rektor Meling skule, 958 35 391Arbeidsstad
Melingsheio 205430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 5212935514
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 18.06.2027
Søknadsfrist: 04.12.2026